Nyhende |
|
Skulen blir heidraSauda vidaregåande skule får prisen som Årets bedrift i 2009. Linda Merethe Lie
Sauda Vekst deler ut prisen til ei medlemsbedrift som har utmerka seg gjennom heile året. Kven som skulle kårast til «Årets bedrift 2009» var for styreleiar Jan Alne ganske klart. – Sauda vidaregåande skule var ein ganske klar kandidat. Dei tilfører Sauda-samfunnet viktig kompetanse og viser evne til omstilling. Det er stadig vekk behov for at vi i næringslivet blir utfordra på nokre kompetansefelt, og det gir skulen oss mulighet til, kommenterer styreleiaren. Alne framhevar óg måten Sauda vidaregåande skule fyller si rolle som regional utviklingsaktør i Ryfylke. – Fylkeskommunen har sagt at skulen skal vere deira svar på nettopp dette. Det har materialisert seg i mellom anna ei nyoppretta ambulanse-linje. I tillegg opna skulen i fjor haust eit nytt tilbygg som er gir elevar på tilrettelagt opplæring eit betre tilbod, noko som viser at ein satsar med pengar, ikkje berre med ord. Sauda vidaregåande skule har og tatt på seg oppgåva som driftsansvarleg for stadion, noko som vil vere ei vinn-vinn situasjon for dei og resten av Sauda-samfunnet, presiserer han, og legg til dei mange tilboda om skreddarsydd utdanning og partnarskapet med Inosa, som har ført til at skulen kan tilby dokumentert sikkerhetsoopplæring til yrkesfagelevar, og er tiltak som gjer skulen til ein klar vinnar. Det ligg ei rekke kriterie til grunn for valet av Årets bedrift. Ein har mellom anna vurdert kvalitet, produktutvikling, nettverksbygging og evne til samarbeid, i tillegg til betydninga bedrifta har for lokalsamfunnet og næringslivet i kommunen. Den ferske leiaren i Sauda Vekst, Inge Løyning, er i likskap med styreleiaren overbevist om at dei har komme fram til ein verdig prisvinnar. – Det er ikkje tvil om at Sauda vidaregåande skule treffer desse kriteria. Vi ønsker å satse på kompetanse, og Sauda er i denne samanheng lågt rangert i høve til dei kommunane vi kan samanlikne oss med. Vi ønsker å løfte oss, og der er skulen ein viktig bidragsytar. Årets bedrift 2009 er derfor heilt opplagt og ein solid og verdig vinnar, meiner Løyning. – Det er ei stor bedrift med høgt utdanna arbeidskraft som bidrar i organisasjonslivet i Sauda, noko som gjer at dei er ein tilvekst til Sauda-samfunnet, supplerer Jan Alne.
|
|
Nyhende
Publisert 07.09.2010 - 09:40
Knuste konkurrentaneUngguten Gaute Kvåle slo andremann Nils Kristian Berge (til venstre) med nesten to minutt i laurdagens Saudasjøen rundt. Lars Kvåle blei nummer tre. Av Vidar Eliassen » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 07.09.2010 - 09:36
Sauda på 48. plassRådmann Ann-Helen Eik-Nes (frå venstre), Jakob Svandal, Aslaug Tangeraas og Alan G. Thompson er fornøgd med at Sauda skårer høgt innan administrasjon i Kommunal Rapport sitt kommunebarometer. Men tala kan, ifølge Thompson, tolkast på fleire vis. Av Ingvil Bakka » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 07.09.2010 - 09:31
Opna utbetra SvandalsvegOrdførar Laura Seltveit og fylkesordførar Tom Tvedt opna den nye vegen opp til Svandalen fredag. Av Vidar Eliassen » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 07.09.2010 - 09:27
Jaktar på koristar til Jørn HoelMangel på erfaring er inga hindring. Av Linda Merethe Lie » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 03.09.2010 - 10:07
Bad om dialog – føler seg ignorertJon Hansen og Åbødalen Hytteforening skulle gjerne ha bidratt med både dugnad og pengar for å utbetra vegen mellom Jeskedalen og Buer. Av Ingvil Bakka » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 03.09.2010 - 10:00
Skeptiske til fire nye årFleire sentrale politikarar stiller neppe til gjenval. Av Ingvil Bakka » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 03.09.2010 - 09:50
Bind saman foreldre og skuleRagnhild Roth (til venstre), Solfrid Seim Nilsen, Gerd Olaug Garstad og Hege Michalsen i kommunalt foreldreutval inviterer til kurs om grensesetting. Av Linda Merethe Lie » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 31.08.2010 - 10:03
Lei av stadige overskridingarHøgres Ivar Tangeraas meiner fordyra kommunale prosjekt er eit hån mot både politikarar og skattebetalarar. Av Ingvil Bakka » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 31.08.2010 - 09:59
Kritisk til politiberedskapStortingspolitikar Øyvind Vaksdal frå frp tykkjer ressurs-situasjonen ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt ikkje er haldbar. Av Vidar Eliassen » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 31.08.2010 - 09:56
Får skryt av NoradFairtrade-Sauda haustar godord frå Norad. Leiar Jens Jensen gler seg over rosen. Av Arvid Horpestad » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 31.08.2010 - 09:53
Ingen vidare planar for HavnastovaDyr drift gjer at Sauda motorbåtforening kun vil bruke bygget som klubbhus. Av Linda Merethe Lie » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 27.08.2010 - 08:19
Ber om meir pengarRådmannen ber kommunestyret om til saman 3,7 millionar kroner ekstra til mellom anna gravplassen, sorteringsanlegget (biletet) og Fløgstad skule. Av Arvid Horpestad » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 27.08.2010 - 08:16
Innbyr ikkje til leikMange av leikeplassane i Sauda står for fall. Av Julie Arnfred Bojesen » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 27.08.2010 - 08:12
Tilbyr trenarkurs til foreldreLeiar Rune Dolmen og Sauda Idrettslag vil sette kompetanseutvikling i system. Av Vidar Eliassen » Les hele saken |






