Meningsmåling

Kunne du tenke deg å stille på vallista til eit parti kommande val?



  • 136%
     
  • 263%
     
  • Antall stemmer: 41

Nettkamera kai

Nettkamera Sauda kai

Nettkamera torg

Sauda

Været

Anna

images.jpg

 

 

Twitter

 

 

ryfylke_rgb.jpg

 

Nyhende

Print Tips en venn
Publisert 02.02.2010

    Vanskeleg framkomst for renovatørane

    Lars Tveitane ber huseigarane ta ansvar.

    Av Linda Merethe Lie

     

    Dei store snømengdene som kom i løpet av helga gjer renovasjonsarbeidet i Sauda ekstra utfordrande. Men huseigarane kan gjere jobben litt lettare for dei som skal tømme søppeldunkane deira.

    – Huseigar har plikt til å sørge for at det er måka fram til dunkane. Ein ting er all snøen som ligg oppå dunkane, men det viktigaste er at vi kjem fram til dei. Arbeidet vårt er tungt nok i utgangspunktet, presiserer renovatør i Sauda kommune, Lars Tveitane.

    Renovatøren understrekar at dei ikkje vil vere vanskelege viss det er nokon som har problem med å legge forholda til rette.

    – Vi gjer unntak for eldre og uføre. Er det andre som har vanskeleg med å få måka, kan ein ta kontakt med renovasjonsbilen. Unge, friske og oppegåande menneske, derimot, skulle ikkje ha vanskar med å få orden på dette, seier Lars Tveitane, og legg til at dei og har forståing for at ikkje alle har måka etter snøfall på natta.

    – Men når det er slik som det har vore i helga, då snøen fall natt til laurdag og søndag, då burde ein sørge for å måke i løpet av søndagen, meiner han.

    Kvar veke tømmer renovatørane i Sauda kommune omlag 2 000 søppeldunkar. Viss renovatørane må brøyte seg fram til dunkane, risikerer ein at søpla ikkje blir tømt.

    – Det er tungt å dra dunkane fram i snøen, og det er begrensa kva helsa vår tåler. Blir det ikkje måka, kan konsekvensen vere at vi køyrer rett forbi, åtvarar Lars Tveitane.

     


    Nyhende

    Publisert 07.09.2010 - 09:40
    saudasjøen rundt.jpg

    Knuste konkurrentane

    Ungguten Gaute Kvåle slo andremann Nils Kristian Berge (til venstre) med nesten to minutt i laurdagens Saudasjøen rundt. Lars Kvåle blei nummer tre.

    Av Vidar Eliassen

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 07.09.2010 - 09:36
    kommunebarometer.jpg

    Sauda på 48. plass

    Rådmann Ann-Helen Eik-Nes (frå venstre), Jakob Svandal, Aslaug Tangeraas og Alan G. Thompson er fornøgd med at Sauda skårer høgt innan administrasjon i Kommunal Rapport sitt kommunebarometer. Men tala kan, ifølge Thompson, tolkast på fleire vis.

    Av Ingvil Bakka

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 07.09.2010 - 09:31
    svandalsvegen loftmg_1993.jpg

    Opna utbetra Svandalsveg

    Ordførar Laura Seltveit og fylkesordførar Tom Tvedt opna den nye vegen opp til Svandalen fredag.

    Av Vidar Eliassen

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 07.09.2010 - 09:27
    jørn hoel og kor.jpg

    Jaktar på koristar til Jørn Hoel

    Mangel på erfaring er inga hindring.

    Av Linda Merethe Lie

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 03.09.2010 - 10:07
    jon hansen.jpg

    Bad om dialog – føler seg ignorert

    Jon Hansen og Åbødalen Hytteforening skulle gjerne ha bidratt med både dugnad og pengar for å utbetra vegen mellom Jeskedalen og Buer.

    Av Ingvil Bakka

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 03.09.2010 - 10:00
    politikarar1.jpg

    Skeptiske til fire nye år

    Fleire sentrale politikarar stiller neppe til gjenval.

    Av Ingvil Bakka

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 03.09.2010 - 09:50
    kommunalt fou.jpg

    Bind saman foreldre og skule

    Ragnhild Roth (til venstre), Solfrid Seim Nilsen, Gerd Olaug Garstad og Hege Michalsen i kommunalt foreldreutval inviterer til kurs om grensesetting.

    Av Linda Merethe Lie

     

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 31.08.2010 - 10:03
    tangeraas10.jpg

    Lei av stadige overskridingar

    Høgres Ivar Tangeraas meiner fordyra kommunale prosjekt er eit hån mot både politikarar og skattebetalarar.

    Av Ingvil Bakka

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 31.08.2010 - 09:59
    øyvind vaksdal1.jpg

    Kritisk til politiberedskap

    Stortingspolitikar Øyvind Vaksdal frå frp tykkjer ressurs-situasjonen ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt ikkje er haldbar.

    Av Vidar Eliassen

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 31.08.2010 - 09:56
    jens jensen.jpg

    Får skryt av Norad

    Fairtrade-Sauda haustar godord frå Norad. Leiar Jens Jensen gler seg over rosen.

    Av Arvid Horpestad

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 31.08.2010 - 09:53
    havnastova.jpg

    Ingen vidare planar for Havnastova

    Dyr drift gjer at Sauda motorbåtforening kun vil bruke bygget som klubbhus.

    Av Linda Merethe Lie

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 27.08.2010 - 08:19
    sorteringsanlegg-inni.jpg

    Ber om meir pengar

    Rådmannen ber kommunestyret om til saman 3,7 millionar kroner ekstra til mellom anna gravplassen, sorteringsanlegget (biletet) og Fløgstad skule.

    Av Arvid Horpestad

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 27.08.2010 - 08:16
    leikeplass framside.jpg

    Innbyr ikkje til leik

    Mange av leikeplassane i Sauda står for fall.

    Av Julie Arnfred Bojesen

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 27.08.2010 - 08:12
    ttrenarkursaudarenarkurssauda.jpg

    Tilbyr trenarkurs til foreldre

    Leiar Rune Dolmen og Sauda Idrettslag vil sette kompetanseutvikling i system.

    Av Vidar Eliassen

    » Les hele saken