Meningsmåling

Kunne du tenke deg å stille på vallista til eit parti kommande val?



  • 136%
     
  • 263%
     
  • Antall stemmer: 41

Nettkamera kai

Nettkamera Sauda kai

Nettkamera torg

Sauda

Været

Anna

images.jpg

 

 

Twitter

 

 

ryfylke_rgb.jpg

 

Nyhende

Print Tips en venn
Publisert 05.02.2010

    Politikarar føler seg forbigått

    Administrasjonen sendte uttale på vegne av kommunen. Men Jan Birger Eide, Ivar Tangeraas og Ordin Søndenå vil gjerne uttala seg om Reinsåna.

    Av Ingvil Bakka

    – Eg må seia eg blei veldig overraska då eg høyrde at denne uttalen var sendt utan at det var gjort ei politisk behandling av saka, seier Ivar Tangeraas, gruppeleiar for Høgre.

    Elkem Saudaprosjektet sin planendringssøknad i samband med overføring av Reinsåna til Sandvatn blei eit heitt tema i kommunestyremøtet onsdag.

    Den nemte overføringa ligg i utbyggingskonsesjonen, men nå har Elkem ombestemt seg og ønsker å fjerna denne delen frå prosjektet. I fjor haust blei derfor ein planendringssøknad sendt til Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE). I desember blei saka sendt ut på høyring, blant anna til Sauda kommune. Sidan høyringsfristen gjekk ut alt 10. januar, forfatta administrasjonen ein uttale som blei sendt 7. januar. Ordførar Laura Seltveit grunngav dette med dårleg tid og ingen mulighet for å få saka behandla i eit kommunestyremøte før fristen gjekk ut. I uttalen skriv administrasjonen at Sauda kommune ikkje har nokon innvendingar mot at Elkem får lov til å sleppa å overføra Reinsåna.

    Ivar Tangeraas er rysta over uttalen og meiner at administrasjonen går langt over sine fullmakter når dei sender ein slik uttale utan å informera politikarane om saka.

    – Slike uttalar skal til politisk behandling, seier han bestemt.

    I dag renn Reinsvatnet i Odda kommune naturleg ned i Håradalen og vidare ned til Røldalsvatnet, og vatnet blir brukt til kraftproduksjon av Hydro i Nesflaten og Statkraft i Hylen. Planen til Saudaprosjektet var opphaveleg å leia Reinsvatnet inn i Øvre Sandvatn slik at vatnet kan brukast til kraftproduksjon i Dalvatn kraftstasjon og i Sønnå kraftverk. Overføringa vil gi Elkem 10,1 GWh ny kraft. Men ettersom dei då stikk av med vatnet til Hydro og Statkraft må dei betala desse ein kompensasjon som tilsvarer 11,9 GWh. Ei overføring av Reinsvatnet vil dermed påføra Elkem eit tap på 1,9 GWh, og dei ønsker derfor sleppa å gjennomføra desse for dei ulønsame planane.

    Ivar Tangeraas har ingen sympati med Elkem. Han meiner politikarane ikkje gjer jobben sin dersom dei godtar at Elkem endrar på konsesjonsgitte planar.

    – Eg fattar ikkje at me kan la Elkem sleppa unna med dette. Dei plukkar bare ”indrefiletane” og vil sleppa å bygga ut delar av prosjektet som ikkje er lønsame for dei, seier han.

    Høgrepolitikaren meiner dessutan at Sauda kommune vil tapa inntekter dersom Reinsvatn-overføringa blir tatt ut av Saudaprosjektet.

    – Me taper anleggsinntekter, kraftinntekter og eigedomsskatt. Gir Elkem opp Reinsvatnet må dei kompensera Sauda kommune for tapte inntekter, meiner han.

    Jostein Overskeid, som forfatta administrasjonen sin positive uttale, sa i kommunestyret at slik han såg det, vil ei ulønsamt overføring for Elkem derimot kunne føra til reduserte inntekter for Sauda kommune. 

    Ordførar Laura Seltveit fekk i oppdrag å ringa NVE og undersøka om Sauda kommune kan få lov til å senda ein ny høyringsuttale, sjølv om fristen er gått ut.

    – Me kan senda ein ny uttale direkte til departementet. Eg må sjekka om det er tidsnok med 3. mars eller om me må ha eit ekstraordinært kommunestyremøte før den tid, seier Seltveit.

     

     

     

     

     

     


    Nyhende

    Publisert 07.09.2010 - 09:40
    saudasjøen rundt.jpg

    Knuste konkurrentane

    Ungguten Gaute Kvåle slo andremann Nils Kristian Berge (til venstre) med nesten to minutt i laurdagens Saudasjøen rundt. Lars Kvåle blei nummer tre.

    Av Vidar Eliassen

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 07.09.2010 - 09:36
    kommunebarometer.jpg

    Sauda på 48. plass

    Rådmann Ann-Helen Eik-Nes (frå venstre), Jakob Svandal, Aslaug Tangeraas og Alan G. Thompson er fornøgd med at Sauda skårer høgt innan administrasjon i Kommunal Rapport sitt kommunebarometer. Men tala kan, ifølge Thompson, tolkast på fleire vis.

    Av Ingvil Bakka

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 07.09.2010 - 09:31
    svandalsvegen loftmg_1993.jpg

    Opna utbetra Svandalsveg

    Ordførar Laura Seltveit og fylkesordførar Tom Tvedt opna den nye vegen opp til Svandalen fredag.

    Av Vidar Eliassen

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 07.09.2010 - 09:27
    jørn hoel og kor.jpg

    Jaktar på koristar til Jørn Hoel

    Mangel på erfaring er inga hindring.

    Av Linda Merethe Lie

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 03.09.2010 - 10:07
    jon hansen.jpg

    Bad om dialog – føler seg ignorert

    Jon Hansen og Åbødalen Hytteforening skulle gjerne ha bidratt med både dugnad og pengar for å utbetra vegen mellom Jeskedalen og Buer.

    Av Ingvil Bakka

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 03.09.2010 - 10:00
    politikarar1.jpg

    Skeptiske til fire nye år

    Fleire sentrale politikarar stiller neppe til gjenval.

    Av Ingvil Bakka

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 03.09.2010 - 09:50
    kommunalt fou.jpg

    Bind saman foreldre og skule

    Ragnhild Roth (til venstre), Solfrid Seim Nilsen, Gerd Olaug Garstad og Hege Michalsen i kommunalt foreldreutval inviterer til kurs om grensesetting.

    Av Linda Merethe Lie

     

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 31.08.2010 - 10:03
    tangeraas10.jpg

    Lei av stadige overskridingar

    Høgres Ivar Tangeraas meiner fordyra kommunale prosjekt er eit hån mot både politikarar og skattebetalarar.

    Av Ingvil Bakka

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 31.08.2010 - 09:59
    øyvind vaksdal1.jpg

    Kritisk til politiberedskap

    Stortingspolitikar Øyvind Vaksdal frå frp tykkjer ressurs-situasjonen ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt ikkje er haldbar.

    Av Vidar Eliassen

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 31.08.2010 - 09:56
    jens jensen.jpg

    Får skryt av Norad

    Fairtrade-Sauda haustar godord frå Norad. Leiar Jens Jensen gler seg over rosen.

    Av Arvid Horpestad

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 31.08.2010 - 09:53
    havnastova.jpg

    Ingen vidare planar for Havnastova

    Dyr drift gjer at Sauda motorbåtforening kun vil bruke bygget som klubbhus.

    Av Linda Merethe Lie

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 27.08.2010 - 08:19
    sorteringsanlegg-inni.jpg

    Ber om meir pengar

    Rådmannen ber kommunestyret om til saman 3,7 millionar kroner ekstra til mellom anna gravplassen, sorteringsanlegget (biletet) og Fløgstad skule.

    Av Arvid Horpestad

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 27.08.2010 - 08:16
    leikeplass framside.jpg

    Innbyr ikkje til leik

    Mange av leikeplassane i Sauda står for fall.

    Av Julie Arnfred Bojesen

    » Les hele saken

    Nyhende

    Publisert 27.08.2010 - 08:12
    ttrenarkursaudarenarkurssauda.jpg

    Tilbyr trenarkurs til foreldre

    Leiar Rune Dolmen og Sauda Idrettslag vil sette kompetanseutvikling i system.

    Av Vidar Eliassen

    » Les hele saken