Nyhende |
|
Tråsavika og Øgreid Brygge vann framStadnamn skapte debatt mellom Svein Ramsnes frå Senterpartet og Dagfinn Birkeland frå Høgre i kommunestyret. Av Arvid Horpestad
– Av erfaring veit me at namn på stader opptek mange og vekker kjensler, konstaterte Kjetil Rolfsen frå Arbeidarpartiet då kommunestyret onsdag skulle ta stilling til to spørsmål som hadde med stadnamn å gjera. Rolfsen viste til at både tider og stader endrar seg og at det nokre gonger kan vera på sin plass med eit namnebytte. – Me i Arbeidarpartiet har diskutert dette livleg, sa han, og vedgjekk at partiet ikkje stod samla i spørsmåla om namneformene Tråsavika/Trosavika og Øgreid Brygge/Øgreidkaien.
Høgres Dagfinn Birkeland, derimot, var ikkje i tvil om kva han meinte. – Slik eg les det, endra kommunestyret i 1982 namnet Tråsavika til Trosavika. På folkemunne heiter det framleis Tråsavika, sa Birkeland, som ikkje såg nokon grunn til å endra på det innarbeidde Tråsavika-namnet. – Og når det gjeld adressen på Øgreid-området synest eg me skal høyra litt på dei som bur der, argumenterte han. Svein Ramsnes frå Senterpartiet meinte at Tråsavika er rette namnet. – Det har vore diskusjonar mange stader om stadnamn. Me treng ikkje følga namnekonsulentane slavisk, sa kan. Adressenamnet på dei nye husværa i Øgreid-området meinte han bør vera Øgreidkaien.
Wenche Øystese frå Kristeleg Folkeparti og Vegard Floa frå Venstre var einig med rådmannen og i tidlegare vedtak i kommunestyret som seier at Trosavika er rett namn.
Vegard Floa viste til at stadnamn i utgangspunktet er ein tradisjon, men at tradisjonar kan endra seg. Han ville velga å følga stadnamnnemda som sette namneforma Trosavika som rett form. – I Øgreid-området meiner eg me bør høyra på dei som bur der, dei får bestemma sjølv, sa Venstre-politikaren. Under avstemminga stemte Wenche Øystese, Vegard Floa og Ivar Øvrebø frå Arbeidarpartiet for namneforma Trosavika. Fleirtalet bestemte dermed at staden heiter Tråsavika, og at det nye bustad- og hyttefeltet vest for denne staden heiter Tråsavikåsen. Fleirtalet i kommunestyret bestemte vidare at dei to nye leilighetsbygga i Øgreid-området får adressenamnet Øgreid Brygge. Her stemte Svein Ramsnes, Senterpartiet og Wenche Hoftun, Wenche Pleym og Hallgeir Amdal, alle Arbeidarpartiet, for namneforma Øgreidkaien.
|
|
Nyhende
Publisert 07.09.2010 - 09:40
Knuste konkurrentaneUngguten Gaute Kvåle slo andremann Nils Kristian Berge (til venstre) med nesten to minutt i laurdagens Saudasjøen rundt. Lars Kvåle blei nummer tre. Av Vidar Eliassen » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 07.09.2010 - 09:36
Sauda på 48. plassRådmann Ann-Helen Eik-Nes (frå venstre), Jakob Svandal, Aslaug Tangeraas og Alan G. Thompson er fornøgd med at Sauda skårer høgt innan administrasjon i Kommunal Rapport sitt kommunebarometer. Men tala kan, ifølge Thompson, tolkast på fleire vis. Av Ingvil Bakka » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 07.09.2010 - 09:31
Opna utbetra SvandalsvegOrdførar Laura Seltveit og fylkesordførar Tom Tvedt opna den nye vegen opp til Svandalen fredag. Av Vidar Eliassen » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 07.09.2010 - 09:27
Jaktar på koristar til Jørn HoelMangel på erfaring er inga hindring. Av Linda Merethe Lie » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 03.09.2010 - 10:07
Bad om dialog – føler seg ignorertJon Hansen og Åbødalen Hytteforening skulle gjerne ha bidratt med både dugnad og pengar for å utbetra vegen mellom Jeskedalen og Buer. Av Ingvil Bakka » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 03.09.2010 - 10:00
Skeptiske til fire nye årFleire sentrale politikarar stiller neppe til gjenval. Av Ingvil Bakka » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 03.09.2010 - 09:50
Bind saman foreldre og skuleRagnhild Roth (til venstre), Solfrid Seim Nilsen, Gerd Olaug Garstad og Hege Michalsen i kommunalt foreldreutval inviterer til kurs om grensesetting. Av Linda Merethe Lie » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 31.08.2010 - 10:03
Lei av stadige overskridingarHøgres Ivar Tangeraas meiner fordyra kommunale prosjekt er eit hån mot både politikarar og skattebetalarar. Av Ingvil Bakka » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 31.08.2010 - 09:59
Kritisk til politiberedskapStortingspolitikar Øyvind Vaksdal frå frp tykkjer ressurs-situasjonen ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt ikkje er haldbar. Av Vidar Eliassen » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 31.08.2010 - 09:56
Får skryt av NoradFairtrade-Sauda haustar godord frå Norad. Leiar Jens Jensen gler seg over rosen. Av Arvid Horpestad » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 31.08.2010 - 09:53
Ingen vidare planar for HavnastovaDyr drift gjer at Sauda motorbåtforening kun vil bruke bygget som klubbhus. Av Linda Merethe Lie » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 27.08.2010 - 08:19
Ber om meir pengarRådmannen ber kommunestyret om til saman 3,7 millionar kroner ekstra til mellom anna gravplassen, sorteringsanlegget (biletet) og Fløgstad skule. Av Arvid Horpestad » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 27.08.2010 - 08:16
Innbyr ikkje til leikMange av leikeplassane i Sauda står for fall. Av Julie Arnfred Bojesen » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 27.08.2010 - 08:12
Tilbyr trenarkurs til foreldreLeiar Rune Dolmen og Sauda Idrettslag vil sette kompetanseutvikling i system. Av Vidar Eliassen » Les hele saken |






