Nyhende |
|
Organisasjonar i leiarkriseIngen vil ta på seg leiarverv. Avtroppande idrettslagsleiing Karl Erik Johansen og Odd Magne Lønseth er bekymra. Av Ingvil Bakka
– Dette blir eit problem for lokalsamfunnet, seier Odd Magne Lønseth, avtroppande nestleiar i Sauda idrettslag. Då årsmøtet til Sauda idrettslag var over tysdag kveld stod laget utan nye leiarar i fleire sentrale posisjonar. Medan hovudstyret manglar både leiar og nestleiar, har verken fotballgruppa, handballgruppa eller langrennsgruppa greidd å skaffa nye leiarar. Idrettslaget manglar ironisk nok også ny leiar av valkomiteen. Ifølge Johnsen og Lønseth er det ikkje vanskeleg å få folk til å stilla opp på dugnad og ta på seg mindre verv som er direkte knytt til eigne ungar sine fritidsinteresser. Det er engasjement i eit større perspektiv det skortar på. – Sauda idrettslag har i dag 755 medlemmer og eit breitt tilbod. Mange tar tilboda for gitt og tenker ikkje på at det ligg arbeid bak å drifta det, seier Johansen. Den uløyste leiarkabalen gjer at Sauda idrettslag må kalla inn til eit ”fortsettande årsmøte”. Dei avtroppande leiarane blir sittande i verva sine inntil vidare. Også den lokale golfklubben står i dag utan leiar. – Me spurte veldig mange. Alle er positive, men folk vegrar seg for å ta på seg leiarvervet. Dei er redde for tidsbruken og for å ikkje strekka til, seier Laila Stødle i valkomiteen til Sauda Golfklubb. Leiar av Idrettsrådet i Sauda, Knut Saua, meiner leiarproblema har med samfunnsutviklinga å gjera. – Velferda vår har gjort folk meir egoistiske og dei prioriterer fritida si på ein heilt annan måte nå enn før. Folk kjøper seg fri frå dugnad og plikter med å trena på kommersielle treningssenter framfor å delta i eit idrettslag, meiner Saua. Idrettsrådleiaren er også medlem i arbeidsstyret til idrettslaget Ny Von, som ikkje har hatt ein leiar av laget på fleire år. I dag blir leiaroppgåvene til idrettslaget i Saudasjøen fordel på fleire. Saua understrekar at også ein stadig aukande arbeidsbyrde for leiarar truleg er ein medverkande årsak til at folk kvir seg for å ta på seg verv. I dag er snittalderen blant dei mest ihuga eldsjelene i lokale lag og organisasjonar høg. Saua fryktar ein d-dag når desse gir seg med sin dugnadsinnsats i både styre og stell og til gjennomføringar av praktiske dugnadsoppgåver. – Mange av dei som er med i dag har vore med i årevis. Dei unge, dei som har ungar i laga, har travle dagar og kvir seg for å bidra til fellesskapet gjennom dugnadsinnsats. Men når dagens eldre eldsjeler gir seg, er det opp til dei unge om ein skal bevara laga eller legga dei i grus, åtvarer Saua.
|
|
Nyhende
Publisert 07.09.2010 - 09:40
Knuste konkurrentaneUngguten Gaute Kvåle slo andremann Nils Kristian Berge (til venstre) med nesten to minutt i laurdagens Saudasjøen rundt. Lars Kvåle blei nummer tre. Av Vidar Eliassen » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 07.09.2010 - 09:36
Sauda på 48. plassRådmann Ann-Helen Eik-Nes (frå venstre), Jakob Svandal, Aslaug Tangeraas og Alan G. Thompson er fornøgd med at Sauda skårer høgt innan administrasjon i Kommunal Rapport sitt kommunebarometer. Men tala kan, ifølge Thompson, tolkast på fleire vis. Av Ingvil Bakka » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 07.09.2010 - 09:31
Opna utbetra SvandalsvegOrdførar Laura Seltveit og fylkesordførar Tom Tvedt opna den nye vegen opp til Svandalen fredag. Av Vidar Eliassen » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 07.09.2010 - 09:27
Jaktar på koristar til Jørn HoelMangel på erfaring er inga hindring. Av Linda Merethe Lie » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 03.09.2010 - 10:07
Bad om dialog – føler seg ignorertJon Hansen og Åbødalen Hytteforening skulle gjerne ha bidratt med både dugnad og pengar for å utbetra vegen mellom Jeskedalen og Buer. Av Ingvil Bakka » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 03.09.2010 - 10:00
Skeptiske til fire nye årFleire sentrale politikarar stiller neppe til gjenval. Av Ingvil Bakka » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 03.09.2010 - 09:50
Bind saman foreldre og skuleRagnhild Roth (til venstre), Solfrid Seim Nilsen, Gerd Olaug Garstad og Hege Michalsen i kommunalt foreldreutval inviterer til kurs om grensesetting. Av Linda Merethe Lie » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 31.08.2010 - 10:03
Lei av stadige overskridingarHøgres Ivar Tangeraas meiner fordyra kommunale prosjekt er eit hån mot både politikarar og skattebetalarar. Av Ingvil Bakka » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 31.08.2010 - 09:59
Kritisk til politiberedskapStortingspolitikar Øyvind Vaksdal frå frp tykkjer ressurs-situasjonen ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt ikkje er haldbar. Av Vidar Eliassen » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 31.08.2010 - 09:56
Får skryt av NoradFairtrade-Sauda haustar godord frå Norad. Leiar Jens Jensen gler seg over rosen. Av Arvid Horpestad » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 31.08.2010 - 09:53
Ingen vidare planar for HavnastovaDyr drift gjer at Sauda motorbåtforening kun vil bruke bygget som klubbhus. Av Linda Merethe Lie » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 27.08.2010 - 08:19
Ber om meir pengarRådmannen ber kommunestyret om til saman 3,7 millionar kroner ekstra til mellom anna gravplassen, sorteringsanlegget (biletet) og Fløgstad skule. Av Arvid Horpestad » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 27.08.2010 - 08:16
Innbyr ikkje til leikMange av leikeplassane i Sauda står for fall. Av Julie Arnfred Bojesen » Les hele saken |
Nyhende
Publisert 27.08.2010 - 08:12
Tilbyr trenarkurs til foreldreLeiar Rune Dolmen og Sauda Idrettslag vil sette kompetanseutvikling i system. Av Vidar Eliassen » Les hele saken |






