Nyhende |
|
Samordnar den operative tenestaSaudapolitiet sine vakter skal styrast frå Haugesund. Av Ingvil Bakka – I Sauda har ein hatt fleire hendingar der politiet ikkje har vore tilgjengeleg for å rykka ut, medan politiet er på plass etter to minutt viss det skjer noko på indre kai i Haugesund. Kanskje Haugesund læra seg å venta nå, seier politimeister i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt, Kaare Songstad. Onsdag vedtok styringsgruppa i politidistriktet ei større samordning av den operative tenesta. Tanken er å styra vakttenesta frå Haugesund og ha ei felles vaktliste over politibetjentane i heile politidistriktet. Songstad fortel at bemanningsspøkelset i aust har sett fart i ei slik samordning, men minnar om at ordninga truleg ville ha tvunge seg fram likevel. – Nå legg me vekk den upopulære reservevakttenesta. Når me ser heile distriktet under eitt, vil me tilpassa vaktlista etter behov. Faktisk har me FOR god politibemanning på natt i vekedagane. Nå kan me redusera dette noko, og bruka ressursane på å få til døgnbasert vakt i Sauda og Suldal, forklarer Songstad. Sauda og Suldal har i dag bare rundt halv bemanning. Lite politifolk i det vesle politidistriktet har vore eit problem og ei utfordring i ei årrekke. Songstad vedgår at beredskapen har vore for dårleg.
|
|






