Meningsmåling

Kjøper du Fairtrade-produkt?



  • 136%
     
  • 263%
     
  • Antall stemmer: 69

Nettkamera kai

Nettkamera Sauda kai

Nettkamera torg

Sauda

Været

Anna

images.jpg

 

 

Twitter

 

 

ryfylke_rgb.jpg

 

Nyhende

Print Tips en venn
Publisert 01.09.2009

    Hudflettar ny organisering

    Leiar i Politiets fellesforbund i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt,, Einar Endresen (til venstre) og tillitsvalt ved Sauda lensmannskontor, Øyvind Dybing, er frustrerte.

    Av Ingvil Bakka

    – Det er nå politikrisa begynner, seier Einar Endresen, leiar av Politiets fellesforbund i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.

    Etter møtet i styringsgruppa i politidistriktet onsdag blei det klart at det nå skal arbeidast for ei samordning av vakttenesta i heile Haugaland og Sunnhordland politidistrikt. Ifølge politimeister Kaare Songstad skal nyordninga bety meir politi på hjul og såleis ein auka beredskap. Blant anna ser politileiinga føre seg at politiet vil ha døgnkontinuerleg helgevakt i Sauda, og ikkje reservevaktteneste som dei har i dag.

    Fagorganisasjonen meiner dette tvert i mot svekkar beredskapen og at politimeisteren ikkje fortel heile sanninga når han snakkar om at Sauda skal vaktast døgeret rundt. For, ifølge dei, er det ikkje dermed sagt at ein politipatrulje vil opphalda seg i bygda. Vakthavande kan befinna seg mange timar frå Sauda.

    – Kanskje skal tre bilpatruljar ha vakt i heile politidistriktet. Det seier seg sjølv at dei mest folkerike områda, altså Haugesund, vil bli prioritert. Skjer det noko i Sauda då, vil ein få beskjed om at ”politiet er i Haugesund”. Viss dei som er på vakt oppheld seg i Sauda og det skjer noko i Haugesund, vil haugesundarane måtta venta på hjelpa, skisserer Endresen opp.

    Med ei utrykkingstid på opptil fleire timar fryktar Endresen dessutan for tryggleiken for politibetjentane.

    Politibetjent og tillitsvalt i Sauda, Øyvind Dybing, er van med å vakta eit stort politidistrikt der han og ein partnar skal vera beredt på oppdrag i både  Sauda og Suldal kommunar. Å ikkje kunna rykka ut på eit oppdrag eller å komma for seint inn i ein situasjon er ikkje uvanleg.

    – Avstandane er alltid ei utfordring. Situasjonen blir iallfall ikkje betre nå med tanke på utrykkingstid. Det blir vanskeleg å serva publikum på ein tilfredsstillande måte. Me er jo ei utrykkingseining og jobben vår handlar gjerne om å berga liv, seier Dybing.