Leiaren |
|
Politiet og nærleiken...fleire politibetjentar i operativ teneste... Korleis organisera politiberedskapen i Indre Ryfylke slik at publikum føler seg trygge på å få den hjelpa dei treng når dei treng ho? Dette spørsmålet arbeider leiing og tillitsvalde i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt med å finna svaret på. Medan dei komande politibetjentane sit på skulebenken, kan høgare løn og betre arbeidsforhold vonleg freista nokon av dei mange som har teke utdanninga men søkt seg over til andre yrke til å ta på seg uniforma att. Det kan raskt betra bemanningssituasjonen. Men då må dei ansvarlege på høgaste hald, både i politiet og i politikken, ta dei nødvendige grepa. |
|






