For å lesa saka må du vera abonnent

5 kr for 5 veker

  • Tilgang til alt innhald på ryfylke.net
  • Papiravisa digitalt/eAvis kvar torsdag
  • Søk i digitalt arkiv tilbake til 1926

Fornyast automatisk til 165,- per månad. Inga binding. Gjeld berre nye abonnentar.

Kjøp her

Enkel betaling med

Sjå alle våre abonnement

Lesarinnlegg

Ammoniakkplanane: – Davids kamp mot Goliat

Publisert Sist oppdatert

Det kan sjå ut til at alle instansar som EU, internasjonal storkapital, Storting og regjering, har vendt blikket mot ein desperat liten vestlandskommune som skal berga verda med det såkalla grøne skiftet. Denne vesle kommunen har tilfeldigvis det som trengs. Energi, vatn, areal og politisk vilje til å få etablert ein kjemisk fabrikk midt der folk bur.

Bergingsarbeidet hastar og det må verkeleg gå fort i svingane. Kommunal saksbehandling går unna. Iverson og medspelarane køyrer i lyntogfart. Lokalpolitikarane er stille. Administrasjonen er stille.
Iverson snakkar om demokratiske prosessar og medverknad og inviterer til grøne kafear. I realiteten skjer truleg mykje bak lukka dører og lobbyaktiviteten i meir sentrale strøk er nok ikkje liten. Spørsmål Iverson eller kommunen ikkje svarer på blir lagt i kassen for saker som skal svarast ut seinare. Men når er det? Truleg legg ein opp til andregongs – sakshandsaming i kommunestyret allereie i desember. I år ja. Og etter den datoen er truleg toget gått!

Bedriftene på Birkeland har lenge levd i uvissa om kor dei skulle bli flytta. Lonarholet gjekk ein ifrå og seinare er bedriftene blitt plassert rundt som monopolbrikker. Ein dag skal dei flyttast, neste dag blir dei likevel nabo til fabrikken. Nye bygg og tomter for mangfaldige millionar blir fordelt nærmast over bordet. Her skal toget fram, kosta kva det vil. Kapital er det visst ingen mangel på.
Iverson eFuels har lenge oppført seg som om fabrikken allereie er på plass, t.d. under Arendalsveka, så for dei gjenstår berre å få dei siste formalitetane i orden. Og det blir nok lett med støtte både frå ordførar, våre folkevalde og ymse andre maktsentra. Opplever våre lokalpolitikarar at dei har stor støtte blant innbyggjarane når dei går inn for å realisera desse planane? Trur dei me hadde stemt på dei viss me visste kva standpunkt dei ville hatt til Iverson sine planar ved siste val?
Og her står me. Ein gjeng med naboar og innbyggjarar som yppar seg mot storkapital og pengemakt og får høyra at me er negative pessimistar som er imot alt, kjem med usanne påstandar og overdriv risikoen med ammoniakkfabrikken og tanken i Sønnåhamn. Når me prøver å presentera litt kritisk tenking blir me skulda for å invitera personar som ikkje er uavhengige nok til folkemøtet vårt. Som om alle presentasjonane til Iverson eFuels har vore uavhengige. Iverson fremmer sjølvsagt si sak, dei har ikkje uavhengige representantar til å snakka for seg, dei har personar som snakkar deira sak. Det same har me. Me opplever at mange i bygda ikkje tør sei kva dei meiner av redsel for å bli stempla som ein bakstreversk neistemme. Andre trur aldri planane kan bli realiserte fordi dei er heilt sinnsjuke». Vårt mål er få fram informasjon om andre sider ved ammoniakkfabrikken enn den suksesshistoria» Iverson eFuels har gitt oss. Kva enkeltpersonar utanfor vårt styre ytrar må dei ta ansvar for sjølv.
Vår påstand er at sjølv med diverse tryggleikstiltak rundt anlegga på Birkeland og i Sønnåhamn, så vil det ALLTID vera fare for ulukker pga. teknisk feil, menneskeleg svikt eller andre faktorar som spelar inn. Kanskje er risikoen liten, men konsekvensen er uhyggeleg. Og den er vår. Det er me som bur her, som må ta heile risikoen med å leva med denne faren.
Vårt krav er at ein slik fabrikk og lagertank må plasserast i god avstand til der folk bur og lever og slike lokalisasjonar finst det mange av. Så finn ein annan stad – vekk frå folk!
Me håpar saudafolk og politikarar kan ta innover seg kor alvorleg denne saka er for oss som bur i Sauda og seia NEI til ammoniakkfabrikken. Det hastar.

Sverre Gustav Birkeland, for styret i Folkeaksjonen mot ammoniakkfabrikk i Sauda

Powered by Labrador CMS