Om Sauda
Sauda er ein kommune i Rogaland, som omfattar bysenteret Sauda, med omlandet rundt Saudafjorden innerst i Ryfylke. Kommunen grensar mot Etne i vest, Ullensvang i nordaust og Suldal i sør. I nord går fylkesgrensa mot Vestland fylke, og Sauda er dermed Rogalands nordligaste kommune. Næringslivet i Sauda først og fremst basert på industri, i tillegg til at Sauda er ein vasskraftkommune.
Sauda er omkransa av mange dalføre med rike friluftsmulegheiter. Sauda er ein populær destinasjon for hytteturisme, og er lokasjon for eit av dei største alpinanlegga i regionen.
Sauda kan også tilby eit utandørs heilårs badeanlegg, ein ni-hols golfbane og eit moderne 18-hols minigolfanlegg. Sauda har eit aktivt fritidstilbod og eit kulturhus.
Nasjonale turistvegar går gjennom kommunen, der turistanlegget Allmannajuvet er godt besøkt. Om sommaren tilbyr turistanlegget guida gruvevandring i dei nedlagde sinkgruvene.
Både sentrumsgatene i bykjernen og stadionanlegget er oppvarma og snøfrie året rundt. Den verna og godt ivaretatte bydelen Åbøbyen er anbefalt som byvandring, i tillegg til Sauda sentrum.
Det er fleire avgangar med hurtigbåt mellom Sauda og Stavanger dagleg. Det er også bussforbindelse mellom Sauda og Haugesund.