Lesarinnlegg
– Eg stemmer nei!
Partifelle Asbjørn Birkeland skal ha for innsatsen for eit ja til ammoniakk, men han utelet eit par poeng om vegen fram mot her me står idag slik eg ser det.
Då partiprogramma vart skrive for 2,5 år sidan var både straumsvinn og korleis utviklinga fram mot idag skulle vera ukjend. Ikkje var det grove særleg djupt i hensynsoner, korleis etablerte bedrifter ville stilla seg og så vidare.
No veit me at ammoniakkprosjekt vert skrinlagde i stort monn. Endåtil Statkraft og Equinor har kasta korta. Senterpartiet har hatt eige medlemsmøte om ammoniakk der fleirtalet stilte seg skeptiske til etablering. No kjenner me valresultatet sentralt der det partiet som går mest fram i Sauda er FrP, som ikkje har representantar i kommunestyret, og som også er det einaste sentrale partiet som er heilt tydelege på at statlege pengar til denne typen etableringar skal vekk.
Lokalt har SV og Raudt hatt medlemsauke i sittande periode, to parti som er heilt tydeleg imot etablering. Innbyggjarundersøkinga, som også synleggjorde at dette ikkje er ei ønska etablering, vert ikkje nemd med eit ord.
Vidare har eg utfordra folkeaksjonen på korleis medlemsutviklinga har vore, styret melder om vekst i medlemmer over 18 år etter innbyggjarundersøkinga.
Eg kjem til å stemma nei og er mykje meir bekymra for om dei som skal stemma ja faktisk veit kva dei seier ja til.
Ved eit ja omregulerer me industriområdet og set alle bedrifter i eit årelangt vakuum.
Me må, etter mitt syn, då takka nei til alle andre som vil etablera seg på grunn av manglande industriareal. Me er med på å skusla vekk vasskraft som er sårt tiltrengd og kjem til å bli det endå meir i framtida. Ved godkjend plan gir me utbyggjar eit klarsignal til kva som skal skje på området, ein utbyggjar som har vore særs uryddig på vegen hit me er i dag. Endringar i siste liten før møter, press mot etablerte bedrifter for å seinare kasta dei ut av prosess, mail til kommunestyret dagen før kommunestyret med trugsmål om at ein set heile prosjektet i fare ved å ikkje gå med på deira krav og så vidare.
Ved å gi ein slik aktør ein reguleringsplan til eit prosjekt som ikkje er mogeleg å rekna heim seier Sauda kommune velkommen til godt betalte juristar som skal skru til beinklemma på kommunen i vidare prosess.
Det er trist at ein prøver selja ei historie om at det er ammoniakk eller avvikling det står imellom. Min påstand er at me har det godt i kommunen med tosifra millionbeløp i overskot og at me heller bør satsa på mindre kontroversielle prosjekt dersom ynskjet er fleire innbyggjarar som skal trivast i bygda.
Eg stemmer nei, med folkeviljen, med utviklinga i andre ammoniakkprosjekt, av hensyn til straumpris, og med eige begrensa vet.
Vegard Mjelkestøl
Sauda Senterparti