Lesarinnlegg

Lesarinnlegg innsendt av Arne Skogerbø.
Lesarinnlegg innsendt av Arne Skogerbø.

– Ein gondol som vil gå ut over andre investeringar

Publisert Sist oppdatert

Eg ser at det er mange som er interessert i både veg og gondol. Det er flott. Det var derfor eg tok opp tråden igjen. For å få til diskusjon. Til dei som er mest for gondol og som vil ha den til Ravnafjell fort, vil eg seie: Di fortare det kjem skikkelig veg til Djuvsbotnen, til fortare kan de reisa vidare opp i svandalsfjella. Skal me sitja og venta til me får råd til å bygga ein nedre gondol, ein gondol som vil gå ut over andre investeringar, kan det ta lang tid før ein kjem vidare.

Det er mange gode idear om kva som kan byggast i Djuvsbotnen. La oss heller få til noko av det først. Om ein gløymer den nedre gondolen, og heller bygger vegen og dei kjekke tinga som er planlagt i Djuvsbotnen, då får me eit flott aktivitetsenter. Når det blir innarbeida og ein ser korleis det går kan det vera tid for å gå vidare.

Sauda Skitrekk blei bygd opp gradvis, slik blir det nok nå og. Korkje veg eller gondol der nede er særlig imponerande. Men vegen er brukande heile tida, sommar og vinter. Gondolen kan berre brukast når den er betjent. Og om det skulle bli fine vintrar med mykje snø, kan vegen berre snøa ned utan å bli brøyta. Då er den ei fin ski/akeløype. Då er skitrekka der greie nok, med små justeringar.

Det er veg til hyttefeltet i Djuvsbotnen i dag. Men den er lang, bratt, smal og ikkje bygd for stor trafikk. Ikkje er det forsvarlig å sleppa ålmenta på den heller. Og ein ting til: Den vegen startar ikkje ved skitrekket. Det kan vera greit å få trafikken dit. Det er der me vil at brukarane skal legge att pengene sine. Og der er det store parkeringsplasser. På dagar med stor trafikk kan det setjast opp pendelbussar frå parkeringsplassen, opp til snuplassen.

Vegen eg ser for meg skal vera trygg, passe stigning. Brei nok og ikkje parkering i Djuvsbotnen! All parkering og snuplass skal vera før ein kjem dit. Parkering er tenkt langs vegen. Eller på høvelige plasser under vegs. Eventuelt tilbringartrekk øverst langs elva, med avstigning før Djuvsbotnen.

Arne Skogerbø

Sauda 1. november 2023

Powered by Labrador CMS