Lesarinnlegg

Anna Abranczyk, også kalla Anjota».
Anna Abranczyk, også kalla Anjota».

Minne og gløymsle

Publisert Sist oppdatert

Skipet DS Austri var på veg frå Saudasjøen til Årdalstangen med 130 personar om bord då tragedien skjedde 21. februar 1945. Ved ein feil angreip britiske jagarfly skipet. Det blei pepra med rakettar og mitraljøser frå 13 fly i tre omgangar. Skipet brann kraftig, tok inn vatn og sokk til botn i Bømlafjorden sør for Stord på mindre enn eit kvarter. Eit inferno i flammar og røyk. Ni av besetninga og ni norske passasjerar, samt eit ukjent tal tyske soldatar, miste livet.

Om bord i skipet var også 16 av dei 29 kvinnelege tvangsarbeidarar frå Nordag-anlegget i Saudasjøen. Det var ikkje lenger bruk for så mange tvangsarbeidarar der så desse kvinnene skulle fraktast til Årdalstangen. 14 av kvinnene, eit barn og to russiske tvangsarbeidarar omkom i forliset. Kvinnene skal ha vore innelåst under dekk, men fire av dei og 41 andre om bord, blei redda i ein heltemodig aksjon. To av kvinnene døydde av skadane dei var påført. Dei blei gravlagt på Stord og har fått ein gravstein der.

Fleire av dei omkomne kvinnene hadde arbeidd på sjukebrakka til Nordag i Saudasjøen. Anna Abranczyk var ei av desse. Også Stefan Lewerowski arbeidde på sjukebrakka. Anna, eller Anjota som ho blei kalla, hadde blitt henta med makt av tyske soldatar i eit område mellom Belarus og Polen i 1941. Ho såg faren og broren bli drepne i heimen deira og at mora og den vesle syster hennar blei sendt vekk. Anna overlevde den strabasiøse turen til Saudasjøen og ein kald brakkeleir med lite mat, elendige hygieniske tilhøve og over tusen menn rundt seg. Men ho overlevde ikkje DS Austri.

Gravstein på Stord. To russiske kvinner.

Desse tvangsarbeidarane hadde like dårlege kår som dei sju mennene som døydde i Saudasjøen. Dei sju har fått ein gravstein og ei minneplate etter seg. Forskjellen er at desse miste livet ei kort sjøreis ut mot Stord, men på eit like tragisk og trist vis som dei sju andre. Dei har ikkje fått verken gravstein eller minneplate etter seg, men skulle dei ikkje hatt det?

Historia er omtalt både i boka Blod og tårer av Skarstein og Stokke og i Riksarkivet finst oversikta over døde i forliset og meir informasjon. Også i boka om Sauda sjukehus 1917-1999 er livet og kåra til dei kvinnelege tvangsarbeidarane, samt DS Austri-forliset, beskrive.

Her er namna på dei 14 kvinnene, 1 barn og 2 menn som omkom på DS Austri.

Etternamn Fornamn Født Yrke
Jawohutz Nadia 1924 Reinhaldar
Lojko Marie 1925
Trus Marie 1924
Abranczyk Anna 1925
Jahaudik Eugenia 1924
Karman Maria 1924
Schykuc Olga 1924
Dubatowka Maria 1924
Rusak Olga 1924
Diebiola Jula 1924
Schakalej Teofila 1924
Wierabiej Eugenia 1924
Maalinek Jula 1924
Naumozyk Michael 16.10.1922 Tolk
Brajtschuk Alena + barn 1924 Reinhaldar
Lewerowski Stefan 11.5.1919 Sjukepassar
Powered by Labrador CMS