Lesarinnlegg

Sauda sogelag-representantar fotografert i Sønnåhamn i mars i år. Frå venstre: Aslaug Astad, Roar Lund og Kristoffer Nødland.
Sauda sogelag-representantar fotografert i Sønnåhamn i mars i år. Frå venstre: Aslaug Astad, Roar Lund og Kristoffer Nødland.

Sauda Aqua, høyring planprogram: – Me ser fleire problem med planane

Publisert Sist oppdatert

Sauda sogelag har blitt kjent med planane til Sauda Aqua gjennom avisa Ryfylke om å bygga eit landbasert smoltanlegg i Sønnåhamn.

For å gjera det heilt klart; sogelaget er ikkje imot at smoltanlegget skal byggast og me tykkjer det er positivt med nye arbeidsplassar i Sauda.

Men sogelaget ønskjer å fokusera på det som etter vår meining er fleire store problem med dei planane som er presentert av Sauda Aqua. Det gjeld mellom anna plasseringa og storleiken på bygga.

* Plasseringa av hallane dekker sikten inn til Sauda III, kraftstasjonen frå 1930, som er freda av Riksantikvaren. Sauda III er den einaste kraftstasjonen i landet som er bygd i Art Deco-stil og har stor arkitektonisk interesse og verdi både i Norge og utlandet. At Sauda har eit bygg som er så spesielt og verdfullt at det er freda av Riksantikvaren, bør gjera oss stolte og framheva bygget i staden for å skjula det bak store produksjonshallar.

* Dei to arkitektstudentane Guro Fløgstad Håvik og Madeleine Haaland (nå ferdig utdanna arkitektar) karakteriserte i lesarbrev i Ryfylke i februar oppdrettsanlegget som eit prosjekt med vanvittige dimensjonar». Bildet av oppdrettsanlegget som er vist i Ryfylke, gir eit feil bilde av korleis anlegget vil sjå ut frå sjøsida. Bildet syner korleis oppdrettsanlegget vil sjå ut frå lufta, og berre då kan ein få auge på Sauda III i bakgrunnen. Sanninga er at hallane blir frå 12 meter til 22 meter høge. Dermed blir kraftstasjonen (22 meter høg) i realiteten skjult for innsyn bak oppdrettsanlegget.

Fabrikkområdet til Eramet har og status som industrikulturminne, og store delar av dette området vil til liks med kraftstasjonen bli skjult av oppdrettsanlegget. Når så Sauda Aqua og vil fylla ut kanalen i Sønnåhamn, blir heile sjøfronten i området endra, og det ikkje til det betre.

* Eit anna ankepunkt frå sogelaget er fargen på oppdrettsanlegget. Ein skarp blåfarge på bygga vil i tillegg til storleiken gjera bygga ekstra dominerande og påtrengande.

Sogelaget kan ikkje sjå eller lesa av dei framlagte planane at Sauda Aqua har teke omsyn til å tilpassa planane etter staden.

Me ønskjer prosjektet lukke til vidare i prosessen og gir her nokre innspel i kva som bør inkluderast i konsekvensutgreiinga:

* Sauda har eit unikt industri- og kulturmiljø der fjorden, smelteverket og Sauda III utgjer ein historisk heilskap. Planprogrammet må difor stilla krav om at konsekvensutgreiinga vurderer korleis utbygginga vil påverka denne samanhengen, både visuelt, historisk og opplevingsmessig.

* Utfylling i sjøen og kanalen kan bryta den kulturhistoriske koplinga mellom Sauda III, fjorden og smelteverket, og det må utgreiast alternativ som både bevarer denne forbindelsen og dekkjer behovet for meir areal, til dømes utfylling andre stader enn i sjøkanalen.

* Landskaps- og kulturmiljøvurderingane må inkludera korleis dei store bygga og kaiane verkar inn på utsikt og opplevingsverdi frå sentrum, fjorden og Sauda III. Det bør lagast realistiske visualiseringar, ikkje fugleperspektiv, som viser anlegget frå ulike synspunkt.

* Estetisk kvalitet, materialbruk og fargar må ikkje berre omtalast», men inngå som eigne tema i konsekvensutgreiinga. Bygga bør tilpassast omgjevnadane i både form, høgd og fargebruk, og tekniske installasjonar bør ikkje plasserast synleg på taka.

* Sjølv om området er industri, har det betydning for allmennheita si oppleving av fjorden. Konsekvensutgreiinga bør difor vurdera korleis området kan opnast og gjerast meir tilgjengeleg, til dømes med turveg eller utsiktspunkt.

* I tillegg må det utgreiast korleis fleire framtidige prosjekt i Sønnåhamn samla vil påverka landskap og kulturmiljø.

Sauda, 13. oktober 2025

Styret i Sauda sogelag; Aslaug Astad, Jan Ringstrand, Roar Lund, Berit Saua, Kristoffer Nødland, Liv Kari Solli, Marit Rusten Birkeland (vara) og Liv Bratland (vara).

Powered by Labrador CMS