Lesarinnlegg

Innsendarane av leserinnlegget ønsker fleire sentrumsnære og varierte bueiningar.
Innsendarane av leserinnlegget ønsker fleire sentrumsnære og varierte bueiningar.

– Sauda treng folk – då må me ha attraktive bustader

Innsendarane av lesarinnlegget ønsker fokus på bustadattraktivitet i Sauda.

Publisert Sist oppdatert

Ser me tilbake på tidlegare valkampar, har fokuset i stor grad vore å utvikle og få til fleire arbeidsplassar. Det har vore heilt naudsynt. Det er ein klar samanheng mellom vekst i arbeidsplassar og tal på innbyggarar. Sauda har i perioden 2010 til i dag mista 225 arbeidsplassar, difor har det vore særskilt viktig for Senterpartiet å jobbe aktivt for å snu denne trenden. Det har resultert i at me nå har fleire potensielle nyetableringar på trappene, mellom anna ammoniakkfabrikk og fiskeoppdrett på land.

Morten Maldal og Jane Nordhagen Ilstad er listekandidatar for Sauda Sp Arkiv

Nyare forsking viser at det ikkje berre er tilgang på arbeidsplassar som er avgjerande for om folk ønsker å bli buande eller flytte til nye plassar. Det hjelper ikkje om ein har drøymejobben, dersom ein ikkje trivst elles.

Bustadattraktivitet handlar nettopp om livet utanom jobb: om fritidstilbod, tilgang til natur, kommunale tenester som til dømes barneskular, bustader og bustadtomter, omdømme, lokal identitet og lokal optimisme for å nemne noko. Dette er ting som me i Senterpartiet ønsker å halde fokus på for å gjere Sauda til ein flott plass å bu både for me som alt bur her og for å få fleire til å flytte hit.

I ein rapport frå Distriktssenteret kjem det fram at 65 prosent av ungdom frå bygdene kan tenke seg å flytte tilbake til heimstaden. På toppen av lista av kva som er viktig for desse – i tillegg til jobb – er tilgang til attraktive bustader Det er trass alt i heimen me oppheld oss størstedelen av døgeret. Dei som ønsker å flytte til Sauda og som er freista av både nærleik til natur, trygge omgjevnader og gode jobbar mm, ønsker samstundes same standard på bustader som dei er vane med i byar som Stavanger og Oslo. Og her har me i distriktet ei utfordring, ikkje berre i Sauda: Bustadmassen består av mange gamle hus som treng oppgradering.

I dag har Sauda fleire nye bustadfelt som er ferdig regulerte, me har og sjanse til å fortette sentrumskjernen for å skape meir aktivitet og fleire bueiningar. Dette ilag med oppgradering av gamle bustader trur me i Senterpartiet kan vere positivt for å skape ein attraktiv bustadmarknad i Sauda.

Bustader er ikkje i like stor grad investeringsobjekt på bygda som i byane. Då kan det vere lurt å legge til rette for ein god leigemarknad med attraktive utleigebustader. Ved å leige kan folk teste ut kva Sauda har å by på før dei eventuelt bind seg til å kjøpe.

Gode og varierte bustader både til leige og eige er ikkje berre viktig for tilflyttarar, men og for me som allereie bur her. Ulike livssituasjonar gjer at ein har ulike behov. I Sauda har me per i dag mange tungvinte» einebustader med til dømes trapper som gjer det unødvendig vanskeleg for mange eldre å bu heime. Fleire ønsker og treng gode alderstilpassa leiligheiter, gjerne i nærleiken av sentrum. Men det er ikkje alle som verken har råd eller lyst til å kjøpe eigne leiligheiter.

Sauda Comfortpark er eit privat initiativ som ønsker å tilby alternative buløysingar for framtida. Her vil både nytilflyttarar, folk i ulik alder og livssituasjon kunne bu og vere eigarar» så lenge dei vil. Dette er eit nytt og unikt konsept som me heiar på.

For å kunne få til ei mest mogeleg positiv bustadutvikling er me avhengig av det private næringslivet. Det betyr ikkje at kommunen ikkje skal eller kan gjere noko. Me i Senterpartiet meiner kommunen må ta ei meir aktiv rolle for å stimulere til ei god bustadutvikling. Difor har me i fleire samanhengar i inneverande valperiode jobba for å få på plass ein aktiv kommunal bustadpolitikk.

I kommunestyret rett før sommarferien bad me om å få utgreidd mogelegheiter for kommunale støtteordningar for gjenbruk av gamle hus og tomter. I same vedtak ønsker me og at kommunen skal tilrettelegge og støtte opp under attraktive bueiningar for utleige, og med ekstra fokus på aldersvennlege bustader som alle kan nytte seg av.

Sentrumsplanen er også viktig for å få på plass fleire sentrumsnære og varierte bueiningar. Den vil gjere det enklare å heve attraktiviteten gjennom å utvikle sentrum i samarbeid med næringsliv og innbyggarar.

Me må jobbe kontinuerleg med bustadattraktivitet for å bygge ei god framtid for Sauda – og attraktive og varierte bustader både til leige og eige er viktig i dette arbeidet.

Jane Nordhagen Ilstad, listekandidat Sauda Sp

Morten Maldal, listekandidat, Sauda Sp

Powered by Labrador CMS