Lesarinnlegg
– Staten underprioriterer Rogaland år etter år
Folk i Rogaland bidreg stort til fellesskapet, både gjennom arbeid, skattar og verdiskaping. Likevel hamnar me bak i køen når staten deler ut arbeidsplassar og investeringar. Resultatet er at vår region får mindre att enn andre fylke.
Me har færrast statlege arbeidsplassar per innbyggjar blant samanlikningsfylka Agder, Vestland og Trøndelag. I Trøndelag har dei nesten dobbelt så mange statlege tilsette i statsforvaltninga som i Rogaland. Og sjølv der me huser viktige nasjonale institusjonar som Havindustilsynet og Sokkeldirektoratet, har Ap-regjeringa gitt utvida oppgåver utan fleire tilsette. Faktisk har talet på årsverk gått ned.
Innan forsking og utdanning er forskjellane tydelege. Rogaland får langt mindre midlar enn Vestland og Trøndelag. Dei siste åra har Trøndelag motteke sju gongar så mykje forskingsmidlar som Rogaland. På kulturmidlar ligg me òg lågt, og me er nederst i tildelingar til frivillige organisasjonar.
Ein nyleg publisert PwC-rapport set tal på denne røyndomen. Han viser at Rogaland samla sett blir prioritert lågare enn Vestland, Trøndelag og Agder når staten fordeler arbeidsplassar, investeringar og støtteordningar.
I samferdsel får Rogaland store prosjekt, men dei er i stor grad bompengefinansierte. Då Ap-regjeringa og dei raudgrøne fordelte litt ekstra pengar til samferdsel og kollektivtransport i juni, fekk me mindre enn seks prosent sjølv om me har over ni prosent av folkesetnaden. Det er ikkje rettferdig og viser den systematiske skjevfordelinga Rogaland blir utsett for.
Rogaland må få sin rettmessige del av arbeidsplassar, investeringar og støtteordningar framover. Me har løfta vår del av Noreg i tiår. No er det på tide at Ap-regjeringa og det nye tuttifrutti-fleirtalet løftar Rogaland.
Kjartan Alexander Lunde, gruppeleiar for Rogaland Venstre