Lesarinnlegg
– Stopp angrepet på norsk prosessindustri
– Industrisamfunn i heile Norge er i fare, skriv tillitsvalde i Elektrokjemisk Samarbeidskomite frå Vestland, blant dei Joachim Andersen i Sauda Fabrikkarbeiderforening.
Norsk prosessindustri er ein bærebjelke i den norske fastlandsøkonomien. Den står for over 40 prosent av vår eksport utanom olje og gass, og sysselset titusenvis av menneske – særleg i distrikta. Samstundes er industrien midt i ei avgjerande omstilling: Frå fossil avhengigheit til grøn, utsleppsfri produksjon. Denne omstillinga krev politisk vilje, stabile rammebetingelser og ein aktiv stat. Difor er Fremskrittspartiet sitt angrep på subsidiar, verkemiddelapparatet og CO₂-kompensasjonsordninga direkte farlig for framtida til norsk industri.
FrP ønskjer å fjerne eller kraftig kutte statlege støtteordningar og verkemiddel som i dag gjer det mogleg for industrien å investere i ny teknologi, grøn energi og energieffektivisering. Dette betyr i praksis å svekke aktørar som Enova, Innovasjon Norge og Forskningsrådet – institusjonar som er avgjerande for å gjera grøne prosjekt lønsame og gjennomførbare. Samstundes har FrP gjentatte gonger tatt til orde for å fjerne CO₂-kompensasjonsordninga, som i dag beskyttar norske eksportbedrifter mot karbonlekkasje og sikrar rettferdige konkurransevilkår i møte med EUs kvotesystem.
Utan CO₂-kompensasjon risikerer me at norsk industri vert utkonkurrert av produsentar i land med langt høgare utslepp og lågare klimaambisjonar. Resultatet? Tapt verdiskaping, auka globale utslepp og tapte norske arbeidsplassar.
I motsetnad til det FrP hevdar, er ikkje desse ordningane sløsing». Dei er målretta investeringar i grøn verdiskaping og teknologisk utvikling. I ei tid der EU og Kina trappar opp sine subsidiar til grøn industri, vil det væra økonomisk og strategisk sjølvmord å leggja ned dei få ordningane me har som gjer oss eit konkurransefortrinn.
Ein industriarbeidar treng plass til ungane sine i barnehagen og mat i butikken. Heile lokalsamfunnet vårt er avhengig av arbeidsplassar både i industrien og andre bransjar, det eine kan ikkje eksistere utan det andre.
FrP seier nei til verkemiddelapparatet. Me seier nei til avindustrialisering av Norge.
Innlegget er underskrive av:
Eilen Rykkje, Aalvik Arbeiderforening, Elkem Bjølvefossen
Frode Skaar, Aalvik Arbeiderforening, Elkem Bjølvefossen
Øyvind Grindheim, Svelgen Kjemiske Arbeiderforening, Elkem Bremanger
Pål Jøran Blom, Svelgen Kjemiske Arbeiderforening, Elkem Bremanger
Sven Ove Bauge, Elektrokjemisk Arbeiderforening avd. 44, Ineos Tyssedal
Oddvar Knoff, Elektrokjemisk Arbeiderforening avd. 44, Ineos Tyssedal
Roy Magne Helland, Odda Kjemiske Arbeiderforening, Boliden
Bjørn Inge Sandvin, Odda Kjemiske Arbeiderforening, Boliden
Joachim Andersen, Sauda Fabrikkarbeiderforening, Eramet Sauda