Store mengder plast hamnar i havet kvart år. Etter det forskarar har kalkulert ut, kjem det berre til å bli meir og meir.
Terje Pedersen, NPK
171 billionar bitar med plast flyt rundt i havet
– Det er eigentleg litt rart at me ikkje har betre tal på kor mykje plast som er i havet, men me har ganske gode utrekningar på kor mykje som endar i havet kvart år, seier professor ved instituttet for biovitskap Ketil Hylland til ung.forskning.no.
Sidan 2005 og fram til i dag har det vore ein massiv auke av plast i havet. Ved å kalkulera desse tala, har forskarar klart å rekna ut at det finst nærmare 171 billionar bitar med plast i havet i dag.
– Desse bitane består av både ny og gammal plast som har delt seg i bitar, seier forskar Marcus Eriksen til BBC News.
Så mykje som 94 prosent av all plast som hamnar i havet, søkk til botn, ifølgje tal frå WWF. 5 prosent blir skylt opp på strender, og 1 prosent blir liggjande i overflata. Per år reknar FN med at mellom 9 og 14 tonn plast hamnar i havet.
– Det meste søkk og endar på botnen, og sidan havet i gjennomsnitt er nesten 4 kilometer djupt, seier det seg sjølv at me ikkje har gode tal på det som endar der. Små plastpartiklar kan òg halda seg flytande lenge, så det er nok ein del i havvatnet òg, men det vil berre vera verkeleg små partiklar, seier Hylland.
– Det er veldig vanskeleg å unngå plast fullstendig – det viktigaste på kort sikt er å redusera og etter kvart fjerna eingongsplast, slik eg ser det, seier Ketil Hylland.