For å lesa saka må du vera abonnent

5 kr for 5 veker

  • Tilgang til alt innhald på ryfylke.net
  • Papiravisa digitalt/eAvis kvar torsdag
  • Søk i digitalt arkiv tilbake til 1926

Fornyast automatisk til 165,- per månad. Inga binding. Gjeld berre nye abonnentar.

Kjøp her

Enkel betaling med

Sjå alle våre abonnement

Eit seks kilo tungt brannsløkkingsapparat vert tømt på under 20 sekundar. Det er viktig å vite korleis det fungerer om du treng det.
Eit seks kilo tungt brannsløkkingsapparat vert tømt på under 20 sekundar. Det er viktig å vite korleis det fungerer om du treng det.

30 prosent har aldri prøvd eit brannsløkkingsapparat

Publisert Sist oppdatert

– Desember er den store brannmånaden og då er det viktig å vite at branntryggleiken er så god som mogleg heime. Derfor håpar eg alle skifter batteri i røykvarslarane sine no og sjekkar at brannsløkkaren er intakt. Det tek få minutt, seier brannekspert i Frende forsikring Øystein Øren i ei pressemelding.

Ifølgje Øren er mange flinke til å byte batteri, men frendeundersøkinga utført av Norstat avdekkjer at langt frå alle har prøvd eit brannsløkkingsapparat. Møre og Romsdal kjem best ut, med 77 prosent som har prøvd apparatet. Oslo ligg nedst, der berre 58 prosent har testa det.

– Anten du har skum- eller pulverapparat, må du sjekke trykket. Sjekk at pila står på grønt. Dette bør du sjekke fleire gonger i året, gjerne kvart kvartal. Sjekk også at apparatet verkar heilt og at forseglinga er intakt, seier branneksperten.

Pulverapparat bør bli snudd opp-ned kvart kvartal eller oftare, for å unngå klumpar i pulveret. Øren rår å ta sjekken utandørs for å unngå skadar som kan vere vanskelege å fjerne, om apparatet vert utløyst med ein feil. Brannstasjonar over heile landet har open dag ein gong i året, og viser korleis utstyret fungerer.

Pulverapparat skal kontrollerast av fagpersonar kvart femte år og service kvart tiande år. Skumapparat skal kontrollerast og på service hos fagpersonar kvart femte år.

– Du bør også ha brannøving i heimen, saman med heile familien, eit par gonger i året. Slik at alle veit kvar rømmingsvegane er og korleis dei fungerer, seier Øren.

(NPK)

Powered by Labrador CMS