For å lesa saka må du vera abonnent

5 kr for 5 veker

  • Tilgang til alt innhald på ryfylke.net
  • Papiravisa digitalt/eAvis kvar torsdag
  • Søk i digitalt arkiv tilbake til 1926

Fornyast automatisk til 165,- per månad. Inga binding. Gjeld berre nye abonnentar.

Kjøp her

Enkel betaling med

Sjå alle våre abonnement

Statens vegvesen kontrollerer jamleg at bilverkstadar og kontrollorgan utfører EU-kontrollen på rett måte.
Statens vegvesen kontrollerer jamleg at bilverkstadar og kontrollorgan utfører EU-kontrollen på rett måte.

37 000 bilar manglar EU-kontroll: Risikerer avskilting

Publisert Sist oppdatert
– Det er alvorleg at så mange registrerte køyretøy ikkje har gjennomført kontrollen, seier Monika Omholt i Statens vegvesen i ei pressemelding.

Alle bileigarar får eit brev frå Statens vegvesen 2–3 månader før fristen for EU-kontroll går ut. Mange bilverkstader sender også påminningar til kundane sine. Likevel er det mange som ikkje får med seg fristen. Det er viktig å bestille tid til kontrollen i god tid for å rette opp eventuelle feil før fristen.

Statens vegvesen nyttar skiltlesande kamera under trafikkontrollar for å identifisere bilar utan godkjent EU-kontroll. Så langt i år har rundt 1600 køyretøy mista skilta i slike kontrollar. Vanlege feil som blir oppdaga inkluderer problem med lys, bremsar og hjuloppheng.

Som hovudregel kan ein ikkje utsetje fristen for EU-kontroll, med unntak for alvorleg sjukdom dokumentert med legeerklæring. Det er mogleg å gjennomføre kontrollen tidlegare dersom tidspunktet ikkje passar, noko som kan vere aktuelt for sesongkøyretøy eller ved lengre reiser.

Powered by Labrador CMS