For å lesa saka må du vera abonnent

5 kr for 5 veker

  • Tilgang til alt innhald på ryfylke.net
  • Papiravisa digitalt/eAvis kvar torsdag
  • Søk i digitalt arkiv tilbake til 1926

Fornyast automatisk til 165,- per månad. Inga binding. Gjeld berre nye abonnentar.

Kjøp her

Enkel betaling med

Sjå alle våre abonnement

Arbeidsløyse kan blant anna føre til auka stressnivå i kroppen, angst, depresjon og andre mentale lidingar. Menn ser ut til å bli hardast ramma, ifølgje ein ny studie.
Arbeidsløyse kan blant anna føre til auka stressnivå i kroppen, angst, depresjon og andre mentale lidingar. Menn ser ut til å bli hardast ramma, ifølgje ein ny studie.

Arbeidsløyse er helseskadeleg – spesielt for menn

Publisert Sist oppdatert

Ifølgje studien frå Oslomet fører arbeidsløyse til store helseproblem, som til dømes auka stressnivå i kroppen, angst, depresjon og andre mentale lidingar.

– Men det gir også auka dødelegheit, seier forskar Kristian Heggebø, som står bak studien.

Han har undersøkt arbeidsledige kvinner og menn i 2000, 2006 og 2011 og sett på kva helserelaterte konsekvensar arbeidsløysa har hatt for dei fram til 2017.

Funna viser at arbeidsløyse slår negativt ut på folks helse – spesielt for menn.

– Menn som har opplevd arbeidsløyse, har 80 til 90 prosent høgare risiko for å døy dei neste ti åra enn dei som hadde jobb heile tida. For kvinner er tilsvarande tal omtrent 40 prosent, seier Heggebø.

Han meiner at overdøyinga blant dei arbeidsledige tyder på at dei ikkje har greidd å kvitte seg med alle dei ugunstige helsekonsekvensane – også etter at dei eventuelt er tilbake i jobb igjen.

– Det ser ut til å vere noko dei trekkjer med seg vidare i livsløpet, og som fører til at dei døyr tidlegare samanlikna med personar som har vore kontinuerleg i jobb, seier Heggebø.

(NPK)

Powered by Labrador CMS