Ny undersøking viser at 65 prosent meiner det er riktig å forby privat fyrverkeri på nyttårsaftan.
Ny undersøking viser at 65 prosent meiner det er riktig å forby privat fyrverkeri på nyttårsaftan.

Årets nyttårsfeiring: Over halvparten ønsker forbod mot privat fyrverkeri

Publisert Sist oppdatert

Nyttårsaftan er på trappene og mange planlegg fyrverkerifeiring, men nyttårshelga er også høgtid for skadar og ulykker. Slik sikrar du at nyttårsfeiringa vert kjekk og trygg for både tobeinte og firbeinte.

Ei ny undersøking viser at 65 prosent er heilt eller noko einig i at det er riktig å forby privat fyrverkeri på nyttårsaftan. Det skriv Norges Ingeniør- og Teknologorganisasjon (NITO) i ei pressemelding før nyttårsfeiringa.

–Kvart år vert folk skada av fyrverkeri og små og store brannar oppstår. Viss fyrverkeri ikkje vert handtert rett, kan det forårsake uventa og farlege eksplosjonar, som igjen fører til alvorlege skadar på menneske, dyr og eigedom, seier visepresident i NITO, Kjetil Lein.

Flest unge skadar seg

I nyttårshelga i fjor gjekk verdiar til 57,6 millionar kroner tapt i brannar over heile landet, viser tal frå Finans Norge og forsikringsselskapet If.

206 personar har blitt skadde av fyrverkeri dei siste fem åra. Dei fleste skadane rammar dei i aldersgruppa 11 til 20 år, viser tal frå Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB).

Alkohol og vernebriller

Felles for dei vaksne som skadar seg er at dei gjerne blandar alkohol med fyrverkerioppskyting, og at for få brukar vernebriller.

– Det at rakettane vert skotne opp seint gjer at ein del har altfor god tid til å drikke før midnatt. Det blir ein farleg kombinasjon som ein del angrar på. Når promillen stig er det også lettare å gløyme vernebrillene, men brillene må vere på anten du er edru eller ikkje, seier rådgjevande lege i Frende Forsikring, Helge Skjerven.

Kvart år får rundt 10–15 personar i Noreg synet heilt eller delvis øydelagt på grunn av fyrverkeri. Talet er over 100 for dei siste ti åra, viser statistikk henta frå Noregs Blindeforbund.

Her er tipsa for ei trygg nyttårsfeiring og godt rakettvett:

*Kjøp fyrverkeri frå pålitelege leverandørar og les bruksrettleiinga før bruk.

*Ikkje bøy deg over fyrverkeriet eller tenn på igjen det som ikkje verkar.

*Hugs alltid å bruke vernebriller, halde avstand og å halde barn unna fyrverkeriet.

*Ha sløkkjeutstyr, som ei bøtte med vatn, ein hageslange eller brannsløkkar, tilgjengeleg.

*Alkohol og fyrverkeri høyrer ikkje saman. Vent med å drikke alkohol til etter rakettane har gått i vêret.

*På nyttårsaftan: Luft hunden godt på dagtid, og sørg for at han har det trygt og godt innandørs, og gjerne lydtett, når rakettane blir skotne opp.

*Ta aldri med hunden ut når det blir skote opp fyrverkeri. Sjølv om hunden ikkje er redd i førstinga, er det lite som skal til før den blir skremt.

*Respekter oppskytingstida: Det er berre lov å skyte opp rakettar frå 18.00 til 02.00 på nyttårsaftan.

(Kjelder: Norsk Fyrverkeriforening, Frende Forsikring, NITO, Norsk Kennel Klub)

(NPK)

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS