Asbjørn Rødseth.
Asbjørn Rødseth.

Asbjørn Rødseth er død

Asbjørn Rødseth, fødd i 1951, er død etter lengre tids sjukdom.

Publisert Sist oppdatert

Familien Rødseth kom frå Harstad til Sauda i 1964. Både faren, Knut Rødseth (1924-1976) og Kari Rødseth, fødd Viland (1922-2023) hadde apotekutdanning, og Kari dreiv apoteket i Sauda vidare åleine i 18 år etter at mannen døydde svært tidleg.

Asbjørn var skuleflink og ambisiøs, og han var såkalla preseterist (karakter Mykje Godt i alle fag) då han tok artium ved Sauda gymnas i 1970. Etter studier blei han tilsett ved Økonomisk institutt i 1978 der han blei professor i 1989. Han var styrar ved instituttet i fleire år før han blei dekan ved samfunnsvitenskapeleg fakultet i fem år.

Asbjørn sitt viktigaste forskningsfelt var makroøkonomi, og han skreiv lærebøker som framleis blir brukt på universitet i fleire land. Med sin unike kunnskap fekk han etter kvart viktige offentlege verv, for eksempel medlem i Kreditt-tilsynet og hovudstyret i Norges Bank.

Asbjørn Rødseth blir skildra som ein klippe innan sitt fagområde med relevant innsikt i dei viktigaste økonomiske problema både nasjonalt og internasjonalt.

Powered by Labrador CMS