For å lesa saka må du vera abonnent

5 kr for 5 veker

  • Tilgang til alt innhald på ryfylke.net
  • Papiravisa digitalt/eAvis kvar torsdag
  • Søk i digitalt arkiv tilbake til 1926

Fornyast automatisk til 165,- per månad. Inga binding. Gjeld berre nye abonnentar.

Kjøp her

Enkel betaling med

Sjå alle våre abonnement

Frå 1. april trer den landsdekkjande bandtvangen i kraft.
Frå 1. april trer den landsdekkjande bandtvangen i kraft.

Bandtvangen trer i kraft 1. april

Publisert Sist oppdatert
Den landsdekkjande bandtvangen trer i kraft måndag 1. april. Norsk kennelklubb oppmodar hundeeigarar til å opptre ansvarleg og overhalde bandtvangen.

– Det er presisert at bandtvang betyr at hunden skal vere fysisk i band, eller forsvarleg inngjerda. Det er ikkje tilstrekkeleg at hunden er under kontroll og i følgje med eigaren, heiter det i ei pressemelding frå Norsk kennelklubb.

Bandtvangen som gjeld fram til og med 20. august gjeld for alle hundar, uavhengig av rase, storleik og brukstype.

Dyrelivet er ekstra sårbart frå april til august, og hundar skal derfor haldast i band for å verne velferda til vilt og avkomma deira.

Noregs Kennel Klub meiner eigne friområde for hund er eit viktig innslag i hundevelferda, og vil derfor arbeide for at flest mogleg hundar skal få tilgang til dette.

(NPK)

Powered by Labrador CMS