Laks på gyteplassen

Ber om tips frå publikum om ulovleg laksefiske

Publisert Sist oppdatert

Statens naturoppsyn aukar nærværet sitt og ber publikum tipse om ulovleg laksefiske etter at fisket i 33 elvar og store sjøområde vart stansa 23. juni.

–Miljødirektoratet styrkjer gjennom Statens naturoppsyn nærværet i dei elvane som er stengde for laksefiske, og i sjøområda knytte til dei same elvane, seier direktør Ellen Hambro i Miljødirektoratet i ei pressemelding.

Miljødirektoratet stansa 23. juni fisket av laks i33 elvar, og i sjøen frå svenskegrensa i sør til og med Trøndelag. Så langt i laksesesongen har det vore rekordlåge mengder laks som har komme opp i elvane frå havet, i Trøndelag og sørover.

Stansen i laksefisket vart innført for å sørgje for at det kjem nok gytefisk opp i elvane til at det blir nok lakseungar neste år til å føre bestandane vidare.

–Det er ein felles dugnad å redde den atlantiske laksen vår. Vi ber alle som observerer ulovleg laksefiske både i elv og sjø, om å sende inn tips, seier Hambro.

Publikum kan sende inn tips om ulovleg laksefiske og annan miljøkriminalitet på Miljødirektoratets nettside.

Miljødirektoratet reagerer med meldingar og straffegebyr på ulovleg fiske.

Miljødirektoratet gjer ei ny evaluering av innsiget av laks for heile landet i starten av juli, og dei gjer deretter ei ny vurdering av behovet for tiltak, inkluderte fiskestoppet som vart innført 23. juni.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS