Bjørn var på Snorre B då jordskjelvet starta: – Det var ingen som forsov seg i dag, det er heilt sikkert
Jordskjelvet i dag tidleg kunne merkast på heile Vestlandet. Skjelvet fann stad i Nordsjøen mellom Stad og Færøyene. Der er Bjørn Guggedal på jobb.
Mange merka ristningane i dag tidleg ved halv sju-tida. Det blei klokka 06.33 registrert eit jordskjelv med styrkegrad 4,6 i området i Nordsjøen mellom Stad og Færøyene. Det er meldt om ristningar som kunne merkast over heile Vestlandet, inkludert Sauda.
Nettopp mellom Stad og Færøyene ligger Snorrefeltet, der Equinor utvinn og produserer omlag 100 000 fat råolje per dag. Ein av dei tilsette er saudabuen Bjørn Guggedal, som jobber på Snorre B-plattforma. Han fortel til Ryfylke at han akkurat var kome tilbake til lugaren etter frukost, då det smalt.
– Det var eit ”godt smell”, og så rista det veldig etterpå. Eg lurte først på om ein av ankerkjettingane hadde slitt seg, eller om ein supplybåt hadde kjørt på riggen, fortel han til Ryfylke.
Guggedal fortel at det ikkje var noko vidare dramatikk etter jordskjelvet, trass i den brå starten på dagen. Han opplyser at Equinor raskt gav beskjed over høgtalaranlegget og informerte om at dei stansa produksjonen i dag, som eit forebyggande tiltak, då dei ikkje hadde kontroll på kva som var årsaken til rystingane.
– Då dei fekk stadfesta at det var jordskjelv, tok dei ein sjekk på alle sikkerheitssystem, og sjekka visuelt installasjonane på havbotn, før produksjonen var i gang igjen ved lunsjtider. Men det var ingen som forsov seg i dag, det er heilt sikkert, fortel han.
Oljedirektoratets geolog, Jan Stenløkk, seier måndag føremiddag til avisa E24 at eit skjelv på 4,6 er kraftig i Norge, men at plattformene i Nordsjøen er konstruert til å tåle mykje meir enn dette.