For å lesa saka må du vera abonnent

5 kr for 5 veker

  • Tilgang til alt innhald på ryfylke.net
  • Papiravisa digitalt/eAvis kvar torsdag
  • Søk i digitalt arkiv tilbake til 1926

Fornyast automatisk til 165,- per månad. Inga binding. Gjeld berre nye abonnentar.

Kjøp her

Enkel betaling med

Sjå alle våre abonnement

Det britiske hangarskipet HMS Queen Elizabeth under Oslo-besøket i november i fjor.
Det britiske hangarskipet HMS Queen Elizabeth under Oslo-besøket i november i fjor.

Britiskleidd hangarskipsstyrke skal trene langs norskekysten

Publisert Sist oppdatert
– Aktiviteten sender eit viktig signal om det nære forholdet vårt til våre allierte og aukar truverdet av kollektivt forsvar og avskrekking, seier sjefen for Marinen, flaggkommandør Trond Gimmingsrud.

Det er planlagt fleire øvingar med mellom anna Sjøforsvaret, Luftforsvaret og andre forsvarsgreiner.

– Med krig i Europa er samhaldet i Nato viktigare enn nokon gong for å vareta den kollektive tryggleiken vår. Dette er eit praktisk døme på nettopp det, seier sjefen for Marinen, flaggkommandør Trond Gimmingsrud.

Hangarskipsstyrken blir leidd av Storbritannias flaggskip, hangarskipet HMS Queen Elizabeth, og består av fartøy frå Storbritannia, Noreg og Nederland – som alle er med i hurtigreaksjonsstyrken Joint Expeditionary Force (JEF).

I tillegg deltek fartøy frå Tyskland, Belgia og Frankrike; og dessutan luftfartøy frå Storbritannia, USA, Noreg, Finland og Sverige.

HMS Queen Elizabeth vart døypt i 2014 og drog ut på første oppdrag i 2021. Hangarskipet var på det første noregsbesøket sitt i fjor. 21. november segla det inn Oslofjorden og vart liggjande eit par dagar ved Søndre Akershuskai, skriv Teknisk Ukeblad.

Powered by Labrador CMS