Elin Imsland, avdelingsdirektør i Folkeregisteret i Skatteetaten, fortel at sommaren er høgsesong for bryllaup, og at det såleis kan vere litt lenger behandlingstid på ein del av sakene.
– Mange av søknadene om prøvingsattest blir behandla digitalt, og då vil prøvingsattesten kome kjapt. I nokre tilfelle krevst det manuell behandling og då vil det ta lenger tid, seier ho. Dette kan til dømes vere tilfelle der ein eller begge har vore gift tidlegare, eller om ikkje begge er norske statsborgarar.
– På våren og sommaren får vi gjerne ekstra mange søknader, og då kan det vere mellom fem og seks vekers behandlingstid på søknadene som blir behandla manuelt. Men ein må ikkje søkje for tidleg heller, sidan prøvingsattesten berre er gyldig i fire månader, fortel Imsland.
Ein ferdig prøvingsattest blir sendt til elektronisk til innboksen i Altinn, og det er det komande brudeparet sjølv som har ansvaret for å sende vidare til vedkommande som skal stå for vigselen.
Avdelingsdirektøren opplyser også at ei nyheit i år er at dei som skal gifte seg i utlandet etter utanlandsk rett, også kan bruke elektronisk søknad. Frå før kan dei som skal gifte seg i Noreg eller der norsk rett gjeld, søkje elektronisk når begge partar har BankID eller liknande.
Prøvingsattesten stadfestar at dei som vil gifte seg oppfyller vilkåra lova krev, som til dømes at ingen av dei er gift frå før.
På sjølve bryllaupsdagen er viktig å hugse legitimasjon, slik at vigslaren kan sjekke at informasjonen i prøvingsattesten stemmer med legitimasjonen.