Omlag 50 personar tok turen til fredagens opning av dagsturhytta Ørneredet. Det var lite å utsette på vêret.
Omlag 50 personar tok turen til fredagens opning av dagsturhytta Ørneredet. Det var lite å utsette på vêret.

Dagsturhytta opna fredag: – Ei perle som er heile Sauda si

– Når det er hektisk og krevande der nede, kan eg finne roen tilbake her oppe, seier ordførar Håvard Handeland, og myser mot sola og den spektakulære utsikten frå Sauda si nye dagsturhytte, Ørneredet.

Publisert Sist oppdatert

Det er ei kjent sak at journalistar frå tid til annan må jobbe litt for å få laga godt avisstoff. I godt selskap med ein motiverande kirketenar, var det det lite bekymringar hos Ryfylkes utsendte for dei bratte bakkane frå golfbana og opp til toppen der den splitter nye dagsturhytta skulle offisielt opnast fredag føremiddag.

Smil og god samtale blir etter kvart til tung pust og konsentrasjon på vegen oppover. Tung pust går etter kvart over i pesing. Mjølkesyre. Bein som blir tyngre og tyngre. Nokre jenter i 70- eller 80-åra passerer, utan at det eigentleg bør gjelde, då dei har stavar til å hjelpe seg. Verre er det då elevar frå Fløgstad skule hoppar glade forbi journalisten som må ta to pausar på vegen opp.

– Kva skjer? spør ein av elevane mannen som sit og konsentrerer seg om å få i seg nok oksygen.

Turen er ikkje lang, men den er bratt om ein tar kortaste sti opp. Omlag 30 minutt tar det frå golfklubbens klubbhuset. Dei fargerike stjernene som funklar rundt journalistens hovud forsvinn gradvis når toppen er nådd. Der står ordførar Håvard Handeland klar, i kvit skjorte, utan ei svetteperle i panna. Slikt gjer vondt i sjølvtilliten.

– Mektig imponert

Sympatisk nok erkjenner Handeland at turen opp delvis hadde blitt gjort i bil for å spare litt tid.

Der oppe, omgitt av vaksne furutre, med ein utsikt som eigentleg berre kan skildrast med bilde, ligg Ørneredet. Dette er den 28. dagsturhytta som er bygd i Rogaland. Den skal vere eit lett tilgjengeleg turmål for alle Saudas innbyggarar. Det er gratis å nytte ho, og det er eit tilbod som er tilgjengeleg kvar dag, heile året gjennom.

– Eg er mektig imponert over denne utsikten. Det er noko som gjer godt for sjela å kome til slike stader som dette. Det er mykje som skjer i Sauda no. Mykje som er vanskeleg og krevande. Men når det er verkeleg hektisk der nede, kan eg finne roen tilbake her oppe. Eg kjem til å kome tilbake hit, det er heilt sikkert. Dette er ei perle som er heile Sauda si, seier ordførar Handeland til Ryfylke.

Dagsturhytta er innreia med både vedomn, tepper, sitteplassar og hems. Denne er det sjølvsagt kjekt å klatre opp i.

Bøker og vedomn

Prosjektleiar i Sauda kommune, Christer Klementsen, har hatt ansvar for bygginga av dagsturhytta. Han fortel at den nesten var ferdig i fjor, før det blei eit opphald i arbeidet. Fullføringa av hytta starta i april i år, og på den aller siste dagen av vårmånaden mai, står den no heilt ferdig.

– Det er ei veldig god kjensle å sjå den stå klar til bruk. No håpar eg mange får glede av hytta og det flotte området rundt, seier han.

Prosjektleiar Christer Klementsen er fornøgd med den ferdige hytta.

Rundt hytta er det bygd plattingar, og nokre meter frå hovudbygget er det bygd toaletthus. Rundt området er det også bygd gjerder der det er på sitt brattaste. Inne i hytta er det hems, sitteplassar, vedomn og eit utval bøker frå biblioteket. Varme trefargar går igjen i heile bygget. Klementsen har eit par oppfordringar til dei som vil ta hytta i bruk.

– Eg håpar folk er flinke til å rydde etter seg og forlate hytta slik den blei funne. Når det gjeld vedomnen, oppfordrar eg til å ta med eit par kubbar på turen opp. Bygget blir fort varmt, så det kan vere fint når sommaren er over, seier han.

Song og fuglar

Som ein jo gjer ved opningar av nye bygg, får ordføraren hjelp frå nokre elevar frå Risvoll skule til å klippe den raude snora, til applaus frå dei omlag 50 saudabuane som har tatt turen opp denne solfylte føremiddagen. Ein av dei er turentusiasten Per Inge Fjellheim.

– Dette er eit veldig kjekt tilbod å ha. Her er det både motbakke og ein spektakulær utsikt. I tida framover blir det også ferdiggjort eit arbeid med fleire stiar inn til hytta, opplyser han.

Ordførar Håvard Handeland klipte den berømte snora, og opna Saudas nye dagstyrhytte saman med elevar frå Risvoll skule, som også song for dei frammøtte.

Etter helsingar frå dei økonomiske støttespelarane i Rogaland fylkeskommune og Sparebankstiftelsen SR Bank, fortel sokneprest Espen Gya om det enormt rike fuglelivet som finst i skogane rundt Sauda. Han fortel at han har sett eller høyrt meir enn hundre ulike artar, der fleire er trua arter. Fin fuglesong går så over i song – om fuglar, når elevar frå Risvoll skule tar songen som kanskje er aller mest passande for anledninga, Eg gjekk ein tur på stien». Elevane hadde også byta ut orda på stien» med til redet».

No ligg det der, Ørneredet. Eit gratis turmål for alle. Det kan vere tungt å ta turen opp, men som Ryfylkes journalist har blitt fortalt: Neste gong går det lettare. Og med den utsikten er det absolutt verdt det.

Dette er utsikten du kan nyte frå plattingen ved Ørneredet.

Powered by Labrador CMS