For å lesa saka må du vera abonnent

5 kr for 5 veker

  • Tilgang til alt innhald på ryfylke.net
  • Papiravisa digitalt/eAvis kvar torsdag
  • Søk i digitalt arkiv tilbake til 1926

Fornyast automatisk til 165,- per månad. Inga binding. Gjeld berre nye abonnentar.

Kjøp her

Enkel betaling med

Sjå alle våre abonnement

No er det norske jordbær på veg ut i butikkane.
No er det norske jordbær på veg ut i butikkane.

Dei norske jordbæra er på veg ut i butikkane

Publisert Sist oppdatert
Organisasjonssjef Gunn Jorunn Sørum i Gartnerhallen fortel til Nationen at dei aller fleste kan rekne med å ha tilgang til norske jordbær dei neste par vekene.

Ho seier at distribusjonen allereie er i gang hos produsentane i Rogaland og dei sørlege delane av Austlandet. Første sort ut i butikkane er Favori, saman med Korona og Malwina.

Gartnerhallen leverer jordbær til Rema 1000 og Norgesgruppen.

Leverandørane melder likevel at dei store jordbærvoluma først kjem i slutten av månaden. Då blir også bæra tilgjengeleg over heile landet.

Jordbærsesongen i år er litt forseinka på grunn av ein kald vår, men det ser ut til at sesongen blir lang.

Prisane på dei første norske jordbærkorgene pleier å vere høg. Tidlegare denne veka rapporterte TV 2 om jordbærkorger på Meny til 59,90 og 69,90 kroner.

Powered by Labrador CMS