Statkrafts Sigrid Fatnes (venstre) og Eramet Norway Saudas Kristina Letnes oppfordrar til full satsing på ein ny runde med sommarjobbprosjekt i regi av Sauda Vekst og næringslivet i Sauda.
Statkrafts Sigrid Fatnes (venstre) og Eramet Norway Saudas Kristina Letnes oppfordrar til full satsing på ein ny runde med sommarjobbprosjekt i regi av Sauda Vekst og næringslivet i Sauda.

– Denne satsinga kan gi Sauda viktige fortrinn i kampen om dei gode hovuda

Statkrafts Sigrid Fatnes og Eramets Kristina Letnes er klokkeklare i dommen etter sommarjobb-prosjektet i Adresse Sauda.

Publisert Sist oppdatert

13 studentar har hatt heilt spesielle sommarjobbar i Sauda, som ein del av rekrutterings- og bylystprosjektet Adresse Sauda». Prosjektet, som har vore under leiing av Sauda Vekst sidan oppstarten i 2007, har vore inne i ein tung periode med synkande oppslutning dei siste par åra, men sommarjobb-prosjektet som blei presentert av Sauda Vekst ved juletider slo umiddelbart an. Prosjektet, der studentar som bur utanbys jobbar målretta med konkrete case og problemstillingar i næringslivet og kommunen i Sauda, fekk søkarar frå fjernt og nært, og i månadsskiftet presenterte studentane sine funn og erfaringar under ei samling på Folkets Hus.

Det som blei presentert, gav meirsmak for både kommunen, Sauda Vekst og representantane for næringslivet som Ryfylke snakka med.

– Viktige fortrinn

Vedlikehaldssjef ved Eramet Norway Sauda, Kristina Letnes og produksjonsplanleggar Sigrid Fatnes i Statkraft var begge nært på sommarjobb-studentane som jobba i sine bedrifter. Dei er mektig imponert over resultata, og ønsker seg endå meir av det same neste år.

– For oss i Statkraft var dette verdifullt. Vi har både knytt kontakt med fleire gode, potensielle kandidatar for framtida og vi har vore med på eit prosjekt som styrkar Sauda som heilheit. Målet med prosjektet er i hovudsak å auke tilflyttinga av nye saudabuar og gjere det meir attraktivt for utflytta, unge saudabuar å kome heim etter studiane, men denne satsinga kan også gi Sauda viktige fortrinn i kampen om dei gode hovuda. Vi vil trenge topp kompetanse i Sauda i framtida, seier Fatnes til Ryfylke.

Ho påpeiker at Statkraft alt er eit av Europas leiande selskap innan fornybar energi, men at selskapet på ingen måte står med beina planta i bakken.

– Vi ønsker heile tida å utvikle oss, og vi vil ha behov for verkeleg dyktige folk framover, også på eit distriktskontor som her i Sauda. Då må vi jobbe aktivt for å få tak i desse flinke folka. Det meiner eg at sommarjobbprosjektet kan bidra positivt til over tid, seier Fatnes.

– Også for mindre bedrifter

Ho får full støtte frå Letnes i Eramet Norway Sauda. Ho representerer både smelteverket og Sauda Vekst, som ho er styreleiar i. Smelteverket hadde to studentar på sommarjobb. Dei fekk fleire alternative case å konsentrere seg om, og valde å sjå på smelteverkets potensiale for utnytting av varmen i sandsengene i produksjonen. Funna var svært interessante.

– Vi håper at fleire bedrifter melder seg på dette prosjektet fram mot neste sommar, for dette prøveåret viste at dette er noko vi absolutt bør satse på og utvikle vidare. For dei store bedriftene har det hatt stor verdi, men det vil også vere bra for dei mindre bedriftene i Sauda. Ein styrkar sin eigen posisjon i konkurransen om dei flinke folka, og ein får i tillegg bli kjent med gode kandidatar for framtida, seier Letnes.

Ho understrekar at det ikkje er noko krav at sommarjobb-studentane skal jobbe med spesielle case eller problemstillingar.

– Nei, det kan også vere heilt tradisjonell sommarjobb. Det var utruleg gode tilbakemeldingar vi fekk frå studentane, både i forhold til jobbane dei hadde og det sosiale dei opplevde saman gjennom Adresse Sauda-opplegget. Dette er ein måte å skape gode relasjonar på fleire plan, både for bedriftene og studentane. Både dei store og dei små bedriftene er i konkurranse om dei flinkaste kandidatane, seier Letnes.

No håpar både ho og Fatnes at momentumet i satsinga kan nyttast til ein vidare offensiv for Adresse Sauda-prosjektet.

– Dette prosjektet bør ikkje berre vidareførast, men utvidast og satsast på fram mot neste sommar, avsluttar Fatnes.

Powered by Labrador CMS