For å lesa saka må du vera abonnent

5 kr for 5 veker

  • Tilgang til alt innhald på ryfylke.net
  • Papiravisa digitalt/eAvis kvar torsdag
  • Søk i digitalt arkiv tilbake til 1926

Fornyast automatisk til 165,- per månad. Inga binding. Gjeld berre nye abonnentar.

Kjøp her

Enkel betaling med

Sjå alle våre abonnement

Det har vore mykje skadar på hjul og felgar i sommar.
Det har vore mykje skadar på hjul og felgar i sommar.

Desse bilskadane fekk mange i sommar

Publisert Sist oppdatert

Mange nordmenn har fått ublide møte med norske vegar i sommar.

– Vi har sett mange skadar på hjul og felgar i sommar. Punkterte dekk, skadde felgar, øydelagde støytdemparar og skeiv hjulstilling. Det skjer fordi mange har køyrt på dårlege vegar. Hol i vegane, telehiv i bakken og smale vegar har sett sine spor på mange bilar, seier fagsjef på motor i Frende Forsikring, Roger Ytre-Hauge, i ei pressemelding.

Ifølgje ei undersøking NAF gjorde i fjor, hadde 40 prosent opplevd å få skade på bilen på grunn av dårleg veg. Frende seier dei ser ein auke i denne typen skadar kvar einaste sommar.

– Vi ser også at mange med campingvogner får skadar kvar sommar, etter køyring på dårlege vegar. Dette er skadar som ikkje skjer akutt, så mange oppdagar dei først etter ferien. Eller ved årleg service eller fuktkontroll, der det blir oppdaga lekkasjar eller fuktskadar. Vi ser at vegger, golv og tak rett og slett losnar frå kvarandre fordi vogna ikkje toler påkjenninga av ein heilt vanleg norsk sommarferie. Eit par millimeter glipe er i seg sjølv ein stor skade og nok til at det fort oppstår fuktskade i tillegg, seier Roger Ytre-Hauge.

Powered by Labrador CMS