For å lesa saka må du vera abonnent

5 kr for 5 veker

  • Tilgang til alt innhald på ryfylke.net
  • Papiravisa digitalt/eAvis kvar torsdag
  • Søk i digitalt arkiv tilbake til 1926

Fornyast automatisk til 165,- per månad. Inga binding. Gjeld berre nye abonnentar.

Kjøp her

Enkel betaling med

Sjå alle våre abonnement

Pilfink på fuglebrett.
Pilfink på fuglebrett.

Difor bør du mate småfuglane

Publisert Sist oppdatert

No om våren er mange småfuglar opptekne med å finne mark og insekt som dei skal fôre ungane sine med. Frø og annan mat som fugleforeldra finn på fuglebrettet, treng dei gjerne sjølv, skriv forskning.no , så det er difor god grunn til å halde fram med fôringa om våren.

Ny forsking frå Lunds universitet i Sverige viser også at fôring om vinteren gjer fuglane friskare. Småfuglar som får frø eller kan ete på talgbollar om vinteren, treng ikkje å bruke så mykje energi på å få bukt med infeksjonar.

Småfuglar senkar den nattlege kroppstemperaturen sin med fleire grader om vinteren for å spare energi når det er kaldt. Men om fuglane blir utsette for ein infeksjon, er den første reaksjonen til kroppen å heve kroppstemperaturen. Det heng ikkje så bra i hop. Den svenske studien viste at fuglar som vart mata om vinteren, ikkje trong å senke kroppstemperaturen om natta like mykje som fuglar utan tilgang til mat. Grunnen var at dei hadde samla nok energi til å klare seg gjennom ei vinternatt med litt høgare kroppstemperatur.

Powered by Labrador CMS