For å lesa saka må du vera abonnent

5 kr for 5 veker

  • Tilgang til alt innhald på ryfylke.net
  • Papiravisa digitalt/eAvis kvar torsdag
  • Søk i digitalt arkiv tilbake til 1926

Fornyast automatisk til 165,- per månad. Inga binding. Gjeld berre nye abonnentar.

Kjøp her

Enkel betaling med

Sjå alle våre abonnement

Direktør Elisabeth Aarsæther i Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) meiner folk flest bør vere budde på å klare seg utan straum i ei veke.
Direktør Elisabeth Aarsæther i Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) meiner folk flest bør vere budde på å klare seg utan straum i ei veke.

DSB vil at vi skal klare oss utan straum i ei veke

Publisert Sist oppdatert

Sidan 2018 har rådet frå styresmaktene vore at ein bør kunne klare seg utan straum i tre dagar. No kan tidsramma bli utvida.

Direktør Elisabeth Sørbøe Aarsæther i Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) seier til TV 2 at det er på tide å vurdere rådet på nytt.

– Det har skjedd mykje sidan 2018, og derfor ser vi no på desse råda på nytt, seier ho.

I eit forslag som no er sendt ut på høyring, tilrår DSB at talet på dagar folk skal ha eigenberedskap for blir auka til sju.

– Viss krisa først rammar, kan det vere litt lite med tre dagar. Då tenkjer vi at éi veke er rimeleg å kunne be moderne hushald om å bidra til beredskapen i samfunnet, seier Aarsæther.

Blant dei viktigaste råda ho trekkjer fram er å sørgje for å lade opp mobiltelefonen når det er varsla ekstremvêr. I tillegg må ein ha nok mat og vatn.

Også oppvarming er viktig, og DSB-direktøren beklagar at ikkje fleire har høve til vedfyring.

– Men det finst heilt fine, godkjende små varmeomnar som går på parafin eller gass, minner ho på.

(NPK)

Powered by Labrador CMS