Egil Aarebrot har blitt smelteverksdirektør på permanent basis
I går, torsdag, blei det klart at vikardirektør Egil Aarebrot blir verksdirektør på permanent basis ved Eramet Norway Sauda.
Kommunikasjonsdirektør i Eramet Norway, Kåre Bjarte Bjelland, opplyser at det torsdag blei klart at 49 år gamle Egil Aarebrot overtar verksdirektørjobben etter Fernando Ramos på fast basis.
– Dei tilsette blei orientert om dette i går, seier Bjelland.
1. april begynte Fernando Ramos som administrerande direktør ved Eramet Titan & Iron i Tyssedal. Egil Aarebrot overtok da som midlertidig verksdirektør. Nå er det klart at han forblir i leiarstolen fast.
– Egil har jobba her i mange år og kjenner smelteverket godt. Han har derfor eit veldig godt utgangspunkt for jobben som verksdirektør i Sauda og rolla som medlem i Eramet Norway si leiargruppe. Me såg etter ein ambisiøs leiar som kan styrka arbeidet vårt med sikkerhets- og forbedringskultur og som samtidig er høgt motivert for å gjennomføra dei store og viktige klima- og miljøprosjekta som skal gjera oss klare for framtida, seier Kåre Bjarte Bjelland, som er godt fornøgd med at leiarspørsmålet i Sauda er avklara.