Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på ryfylke.net • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1926
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 165 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønsker.

Kjøp her

Du må logge inn for å lese artikkelen

Viaplay har ingen kortsiktige planar om å auke prisen på Premier League-pakken sin. Illustrasjonsfoto.
Viaplay har ingen kortsiktige planar om å auke prisen på Premier League-pakken sin. Illustrasjonsfoto.

Ei veke før avspark: Premier League-abonnementet står fast på 749 kroner i månaden

Publisert Sist oppdatert

– Vi planlegg mot ein ny og forrykande PL-sesong med overlegen redaksjonell dekning og forhåpentleg tilsvarande gode kampar. Det er inga endring her. Premier League skal forvaltast på ein fantastisk måte med dyktige ekspertar og kommentatorar slik som førre sesong, seier Fredrik Olimb i Viaplay til NTB.

– Vi har per dags dato ingen planar om å justere prisen på Viaplay Total i Noreg.

Det er denne pakken som gir høve til å følgje Premier League til ein pris av 749 kroner i månaden.

Viaplay står i tøffe økonomiske tider og har måtta seie opp over 400 tilsette.

Selskapet sit på mange sportsrettar i Noreg. Premier League-fotballen er den gjævaste og gjeld til sommaren 2028. I tillegg ligg internasjonale handballmeisterskapar, Formel 1 og 2 og mykje vinteridrett inne i porteføljen.

– Nokre rettar passar nok best på open-TV. Desse vil bli sub-lisensierte, sa Viaplay-direktør Jørgen Madsen Lindemann under ein digital presentasjon i juni.

Lindemann svarte kontant ja, ja» på eit spørsmål om det kan bli auka prisar på Viaplay-produkta.

Men det ser ikkje ut til å slå inn før sesongstarten i Premier League. Den finn stad neste veke.

Søndag sender Viaplay og TV3+ Community Shield-kampen mellom Manchester City og Arsenal.

Powered by Labrador CMS