For å lesa saka må du vera abonnent

5 kr for 5 veker

  • Tilgang til alt innhald på ryfylke.net
  • Papiravisa digitalt/eAvis kvar torsdag
  • Søk i digitalt arkiv tilbake til 1926

Fornyast automatisk til 165,- per månad. Inga binding. Gjeld berre nye abonnentar.

Kjøp her

Enkel betaling med

Sjå alle våre abonnement

Det finst dei som aldri går til frisøren. Dei klipper seg sjølv eller blir klipt av nokon dei kjenner.
Det finst dei som aldri går til frisøren. Dei klipper seg sjølv eller blir klipt av nokon dei kjenner.

Ein av fire går aldri til frisøren

Publisert Sist oppdatert
Ei marknadsundersøking som frisør Irene Stana fekk gjort viste at ein av fire aldri går til frisøren.

– Dei klipper håret sitt sjølve, eller blir klipte av folk dei kjenner. Mange av dei klipper også håret til familie og vener, seier Stana som også er forfattaren av boka Klipp deg».

Blir ikkje arbeidslaus

Frisøren som møter oss på boklanseringa i Oslo er som ein levande reklameplakat for alt som har med velstelt hår å gjere. Det lange håret er farga i lyse nyansar og noko som kan minne om rosa. Sjølv er ho ikkje van med å klippe seg sjølv, men har eksperimentert litt i samband med boka.

Frisøren er overraska over at så mange klipper seg sjølve og at dei rett og slett står med saksa oppe i håve» som ho seier.

– Mange klipper seg sjølv bak og det skjønar eg ikkje heilt at dei klarer. Då er det betre å få hjelp av nokon for å få det beint. Uansett så er det enkle triks som skal til for å få ein god klipp.

– Du er ikkje redd for å arbeidslaus når du lærer bort faget ditt?

– Nei det er eg ikkje. Frisøryrket er eit handverk med djupe røter, og det klarer eg ikkje å lære folk gjennom ei bok. Det vil framleis vere behov for frisørar som kan faget sitt. Men målet mitt er å lære folk dei viktigaste grunnprinsippa vi frisørar jobbar etter, når du av ulike grunnar vel å ikkje gå til frisøren.

Byrja som 3-åring

Irene Stana byrja å frisere familien då ho var berre tre år gammal.

– Mor mi var ei skikkeleg fin dame og eg hugsar at eg fekk lov til å rulle opp håret hennar slik at ho såg ut som ei Hollywood-stjerne. Eg har alltid visst at eg ville bli frisør og blei lærling alt som 15-åring, fortel frisøren som eig Noregs einaste sertifiserte grøne frisørkjede.

17 år gammal blei ho mor, og fire år seinare starta åleinemora eigen salong på Voss saman med to venninner. 24 år gammal tok ho paraglidersertifikat, som 32-åring blei ho tvillingmor, og då ho var 36 tok ho meisterbrev.

Vil klippe grønt

Stana sin visjon er å hjelpe frisørar til ei betre helse. Ifølgje ein Stami-rapport frå 2019 er frisør, saman med målar og lakkerar, den yrkesgruppa som er mest utsett for astma og eksem. Gjennomsnittsalderen for å kaste inn handkleet er 32 år.

Dette var bakgrunnen for at ho sjølv valte å satse grønt og ville bruke produkt som var betre både for tilsette, kundar og miljøet. Ho hadde jobba som frisør i tjue år og visste sjølvsagt at nokre av stoffa dei putta i håret til folk var sterke. Ho bestemte seg då for å ta saka i eigne hender.

– Eg er veldig overraska over at ikkje fleire vel å drive grønt slik som meg. Då eg bestemte meg for at eg skulle få grøn sertifisering, trudde eg at andre skulle kaste seg på bølgja, men det har ikkje skjedd.

Blei søvnlaus av bokmål

Irene Stana ville gjerne marknadsføre frisørkjeda si på nynorsk men fekk kraftig motbør av sitt eige styre. Spesielt styremedlemmen frå Bergen ville gjerne ha marknadsføringa på bokmål. Frisøren gjekk til slutt med på dette, men merka fort at ho sov dårleg om natta.

– Til slutt bestemte eg meg for at eg måtte få lov til å vere meg sjølv og bruke mitt eige mål både i marknadsføringa og for å namngje produkta mine. Difor har eg enda opp med namn som Inkje anna», Sjøsprøyt» og Morgondogg».

– Eg får heller berre tole at ikkje alle kundar veit at å tinge» betyr å bestille. Med nynorsk marknadsføring og arbeidsspråk søv eg i alle fall godt om natta, seier Irene Stana.

Powered by Labrador CMS