For å lesa saka må du vera abonnent

5 kr for 5 veker

  • Tilgang til alt innhald på ryfylke.net
  • Papiravisa digitalt/eAvis kvar torsdag
  • Søk i digitalt arkiv tilbake til 1926

Fornyast automatisk til 165,- per månad. Inga binding. Gjeld berre nye abonnentar.

Kjøp her

Enkel betaling med

Sjå alle våre abonnement

Det er DNT og Røde Kors som står bak Fjellvitreglene og Fjellvitdagen – som blir markert den første måndagen i påskeveka. Her er Hildegun Solheim, Linn Dahl og Øyvind Grassdal på Reinsnuten ved ei tidlegare anledning.
Det er DNT og Røde Kors som står bak Fjellvitreglene og Fjellvitdagen – som blir markert den første måndagen i påskeveka. Her er Hildegun Solheim, Linn Dahl og Øyvind Grassdal på Reinsnuten ved ei tidlegare anledning.

Éin av seks nordmenn har opplevd farlege situasjonar på fjellet

Publisert Sist oppdatert

Nesten 80 prosent av oss tenkjer på Fjellvitreglane før eller under fjelltur. Samtidig rapporterer éin av seks at dei har opplevd farlege situasjonar på fjellet.

Det kjem fram i ei undersøkinga av Opinion, på vegner av Den Norske Turistforening (DNT) og Røde Kors.

– Fjellvitreglane står støtt i Noreg, men desse tala gir oss liten grunn til å kvile. Påsketuren blir berre endå betre med rette førebuingar, seier Tor Kåpvik, generalsekretær i Den Norske Turistforening (DNT).

Godt fjellvit inneber at folk reflekterer aktivt over korleis dei kan gjere påsketuren trygg for heile følgjet, både før og undervegs i turen, meiner Kåpvik. Forholda endrar seg fort i fjellet, og det er viktig å vere førebudd.

Undersøkinga viser nemleg også at 1 av 3 har vorte overraska av dårleg vêr på fjelltur.

– Kvart år bidreg våre frivillige i hjelpekorpset i meir enn 1700 aksjonar. Ofte må dei hjelpe personar som ikkje har førebudd seg godt nok for dårleg vêr. Følgjer ein Fjellvitreglane kan mange av desse aksjonane unngåast, seier konstituert generalsekretær i Røde Kors, Simen Saxebøl.

Powered by Labrador CMS