For å lesa saka må du vera abonnent

5 kr for 5 veker

  • Tilgang til alt innhald på ryfylke.net
  • Papiravisa digitalt/eAvis kvar torsdag
  • Søk i digitalt arkiv tilbake til 1926

Fornyast automatisk til 165,- per månad. Inga binding. Gjeld berre nye abonnentar.

Kjøp her

Enkel betaling med

Sjå alle våre abonnement

Talet på nyutdanna fagarbeidarar som er i arbeid etter eitt år har auka med om lag 7.800 personar, eller meir enn tre prosentpoeng på seks år, ifølgje Utdanningsdirektoratet.
Talet på nyutdanna fagarbeidarar som er i arbeid etter eitt år har auka med om lag 7.800 personar, eller meir enn tre prosentpoeng på seks år, ifølgje Utdanningsdirektoratet.

– Elevane trivst når dei er ute i bedrifter

Publisert Sist oppdatert

Utdanningsdirektoratet evaluerer systematisk endringane i yrkesfagopplæringa etter innføring av nye læreplanar og strukturendringar i utdanninga. Både lærarar og elevar er intervjua i Utdanningsdirektoratet si evaluering av fagfornyinga. Over halvparten av elevane svara at praksisen gjorde dei meir motivert til å fullføre vidaregåande. Evalueringa viser også at skulane er mindre prega av teoriundervisning i klasserom.

– Elevane trivst når dei er ute i bedrifter og får prøvd seg i det verkelege arbeidslivet. Vi ser at det å vere ein del av ein yrkesfellesskap er viktig for motivasjonen. Det er veldig positivt at endringane i læreplanane både fall i god jord hos lærarar og aukar motivasjonen til elevane, seier direktør Morten Rosenkvist i Utdanningsdirektoratet.

Utdanningsdirektoratets nyaste rapport er ein del av ei større evaluering av fagfornyinga for yrkesfag, som vart innført frå hausten 2020. Evalueringa går føre seg parallelt med at reforma blir gjennomført i skular og bedrifter, og blir avslutta i 2025.

– At yrkesfagopplæringa har vorte meir tilpassa arbeidslivet er ein del av eit større bilete vi ser, med ei positiv utvikling for yrkesfaga. Med eit lite unntak for helsefag, er det fleire som både søkjar seg til og som gjennomfører yrkesfagutdanning. Det er stadig fleire bedrifter som ønskjer å ta imot lærlingar og aldri har så mange inngått lærekontraktar som i 2022, seier Rosenkvist.

Ny statistikk viser at nesten 83 prosent av dei som bestod fag- eller sveineprøva i 2021 og 2022 er i jobb eitt år etter avslutta utdanning. Aller best har det gått for dei som har teke bygg- og anleggsteknikk.

Powered by Labrador CMS