For å lesa saka må du vera abonnent

5 kr for 5 veker

  • Tilgang til alt innhald på ryfylke.net
  • Papiravisa digitalt/eAvis kvar torsdag
  • Søk i digitalt arkiv tilbake til 1926

Fornyast automatisk til 165,- per månad. Inga binding. Gjeld berre nye abonnentar.

Kjøp her

Enkel betaling med

Sjå alle våre abonnement

Energiminister Terje Aasland (Ap) seier at Norge blir først ut i Europa med lovgiving som skal regulere datasenter-industrien.
Energiminister Terje Aasland (Ap) seier at Norge blir først ut i Europa med lovgiving som skal regulere datasenter-industrien.

Energiministeren vil ikkje ha kryptovalutautvinning i Norge

Publisert Sist oppdatert

Regjeringa vil stenge døra for kryptovalutautvinning i Norge.

No legg regjeringa fram ei lov som skal regulere datasenter-industrien, som første land i Europa, fortel digitaliseringsminister Karianne Tung og energiminister Terje Aasland (Ap) til VG.

Regjeringa vil ha registreringsplikt og vite kven som står bak datasenteret, kven som leier senteret og ei plikt til å opplyse kva tenester som blir tilbodne. Slik vil regjeringa stanse uønskt verksemd som utvinning av kryptovaluta.

– Det er hefta med store klimagassutslepp, og er eit døme på ein type verksemd vi ikkje ønskjer i Norge, seier Aasland.

Aasland seier vidare at dei ikkje er interesserte i aktørar som er ute etter å shoppe billig straum i Norge.

– Dei er ikkje velkommen i Norge. Vi ønskjer seriøse aktørar som er viktig for samfunnet, og den samfunnstenlege dataindustrien er viktig for oss.

(NPK)

Powered by Labrador CMS