For å lesa saka må du vera abonnent

5 kr for 5 veker

  • Tilgang til alt innhald på ryfylke.net
  • Papiravisa digitalt/eAvis kvar torsdag
  • Søk i digitalt arkiv tilbake til 1926

Fornyast automatisk til 165,- per månad. Inga binding. Gjeld berre nye abonnentar.

Kjøp her

Enkel betaling med

Sjå alle våre abonnement

Sintef-forskarane Henning Taxt (t.v.) og Magnus Askeland ser for seg ei meir heilskapleg delingsordning – ei energisamfunnsordning – som gir insentiv og fordelar for energisamfunnet heile året, ikkje berre når det finst lokal kraftproduksjon.
Sintef-forskarane Henning Taxt (t.v.) og Magnus Askeland ser for seg ei meir heilskapleg delingsordning – ei energisamfunnsordning – som gir insentiv og fordelar for energisamfunnet heile året, ikkje berre når det finst lokal kraftproduksjon.

Energisamfunn kan løyse fleire utfordringar i straumnettet

Publisert Sist oppdatert

1. oktober trer det i kraft ei ny delingsordning for eigenprodusert, fornybar straum. Den legg til rette for at straumkundar i burettslag, fleirmannsbustader og næringsbygg kan dele på straumen dei sjølv produserer, til dømes frå solceller.

Med denne ordninga slepp bebuarane nettleige og avgifter for forbruk av den eigenproduserte straumen, skriv Sintef i ei pressemelding

– Denne forskriftsendringa lèt kundar samarbeide på tvers av målepunkt innanfor ein avgrensa del av straumnettet. Ordninga gir insentiv til dei som får solproduksjon til å bruke mest mogleg av denne energien sjølv i dei timane det er høg produksjon. Det er bra for nettet og gjer det lettare å ta imot solkraft, seier Henning Taxt, forskingsleiar i Sintef Energi.

Taxt meiner det ligg mange unytta moglegheiter i slike ordningar for samarbeid lokalt.

– Vi meiner at det er større moglegheiter ved å vidareutvikle ordninga slik at ho i endå større grad kan vere med på å avlaste straumnettet vårt, også når det er høgt belasta vinterstid, seier Taxt.

Om denne typen ordning blir utvikla på ein god måte vil det gagne alle – også straumkundar som ikkje produserer eigen straum – fordi behovet for utbygging av nettet ikkje blir så stort. Det er positivt for nivået på nettleiga.

(NPK)

Powered by Labrador CMS