Wayra Bokn Montoya filmar og intervjuar sin medelev Sebastian Helle Rokås om berekraft og klima. Dei jobbar på gruppe saman med Vilja Bakka Hjorth, Mats Seljestad og Linnea Nordhagen Bratland.
Wayra Bokn Montoya filmar og intervjuar sin medelev Sebastian Helle Rokås om berekraft og klima. Dei jobbar på gruppe saman med Vilja Bakka Hjorth, Mats Seljestad og Linnea Nordhagen Bratland.

Eramet tar ungdommen med på klima-laget: Her lagar elevane informasjonsfilm om berekraft

Korleis kan Eramet Norway Sauda bli betre på å utnytte tilgjengelege ressursar? Det er eitt av spørsmåla som 10. klasse på Sauda ungdomsskule jobbar saman for å finne svar på.

Publisert Sist oppdatert

I prosjektet ”Mot eit grønare Sauda” stiller kommunens største industribedrift seg sjølv i det kritiske søkelyset frå dei oppveksande saudabuane som er elevar ved Sauda ungdomsskule. Kva kan Eramet gjere betre i arbeidet med klimavennleg utnytting av ressursar? Korleis kan du og eg bidra på våre eigne måtar, og kva blir konsekvensane viss vi lukkar augo og gir blaffen i heile berekraftproblematikken? Det skal elevane ved Sauda ungdomsskule finne ut av.

Prosjektet starta med eit kickoff-arrangement på smelteverket, der elevane fekk bli kjent med Saudas største industribedrift. Der fekk dei også ein presentasjon av oppgåvene dei har å jobbe med utover veka.

– Samarbeider

I 10. klasse har elevane delt seg inn i grupper, og har bestemt seg for fleire ulike måtar å gå laus på oppgåvene dei har fått. På skulens fargerike bibliotek sit Ane Schibevaag Søndenå, Martin Handeland, Vår Steen Jensen og Vanessa-Linnea Sund Risvold og jobbar med sine bidrag.

Vanessa-Linnea Sund Risvold (framme frå venstre), Ane Schibevaag Søndenå, Martin Handeland (bak frå venstre) og Vår Steen Jensen synest det er kjekt med annleis skuledagar. Dei har bestemt seg for å løyse oppgåvene kreativt, med plakatproduksjon og ein rappevideo.

– Vi skal løyse dette på to måtar, tenkte vi. Ein del av oppgåva skal vi løyse ved å lage ein musikkvideo, ein rappelåt. I tillegg skal vi lage ein plakat med oppfordringar om kva folk sjølv kan gjere for å leve meir berekraftig. Vi samarbeider om prosjektet, og planen er at alle skal bidra litt med framføringa, fortel Steen Jensen.

Schibevaag Søndenå meiner det er klokt å investere tid i temaet berekraft.

– Eg synest det, ja. Vi har eit ansvar for å vite kva konsekvensar våre handlingar får, både for vår eiga skuld og for dei generasjonane som kjem etter oss, seier ho.

Film og nettstad

I etasjen under har ei anna gruppe i 10. klasse valt å løyse utfordringane i prosjektet på ein annan måte.

Linnea Nordhagen Bratland, Vilja Bakka Hjorth, Sebastian Helle Rokås, Wayra Bokn Montoya og Mats Seljestad skal etablere ei eigen nettstad og lage ein opplysningsfilm, som etter planen skal bli å finne på nettsida.

Eramet Norway Sauda samarbeider med Sauda ungdomsskule om prosjektet ”Mot eit grønare Sauda”, og bidrar på videolink med elevane.

– Det er kjekt å ha nokre skuledagar der ting er litt annleis enn vanlig, og det er ingen tvil om at tema som klima og bærekraft er viktige. Oppgåvene vi har fått er bra, og vi har lært litt om Eramet allereie, fortel Seljestad.

For å bidra i arbeidet med oppgåvene, har Eramet stilt folk til disposisjon på ei såkalla ”helpline”, der elevane får høve til å snakke med selskapet på Skype, for å få inspirasjon og svar på ulike spørsmål. To av oppgåvene i prosjektet dreier seg konkret om Eramets verksamheit, medan ei tredje oppgåve omhandlar konsekvensane om vi ikkje greier å bremse drivhuseffekten, samt korleis vanlege folk kan påverke sine eigne klimaavtrykk.

– Det har vore spesielt lærerikt å sjå korleis Eramet jobbar for å utvikle seg heile tida, seier Nordhagen Bratland.

Plass i læreplanen

Inspektør ved Sauda ungdomsskule, Ingunn Sørnes, skildrar skulens samarbeid med Eramet som spennande. Ho fortel at elevane gjennom prosjektet blir kjende med lokalt næringsliv og fabrikken som ei hjørnesteinsbedrift i Sauda.

– Kor godt kjenner eigentleg elevane til det som skjer bak portane? No får dei eit innblikk i produksjon, produkt og tiltak i samband med det grøne skiftet, seier ho.

Sørnes forklarar at berekraft er eit tverrfagleg tema som har plass i læreplanen. Samarbeidet med Eramet er i tråd med dette, og elevane skal ifølge studieinspektøren jobbe utforskande med tema som berekraftig utvikling. Målet er at dei skal skaffe seg kompetanse til å gjere miljøbevisste val, og sjå desse i samanheng med dei klimautfordringane vi har både lokalt og globalt.

– Dette er noko vi prøver ut for første gong, og det er veldig kjekt at Eramet investerer så mykje i dette samarbeidet, og vi gler oss til annleis skuledagar der elevane jobbar på tvers av klassar på nye måtar, seier ho.

Desse elevane jobbar med ei grafisk tilnærming til oppgåvene.

– Naturleg samarbeid

Som kommunens største industriaktør er Eramet Norway Sauda omtala som vegvisarar i det grøne skiftet, med si omfattande satsing på blant anna karbonfangst og sirkulærøkonomi. Strategi- og kommunikasjonsdirektør ved Eramet Norway, Kåre Bjarte Bjelland, seier det er heilt naturleg at smelteverket engasjerer seg saman med ungdommen rundt temaet bærekraft.

– Vi kan ikkje legge heile den store oppgåva med å ”save the world” på politikarane våre. Kvar og ein av oss kan gjere noko for å bruke verdas ressursar på ein meir bærekraftig måte. Gjennom oppgåvene elevane løyser i dette prosjektet, vil vi sette lys på nettopp dette, seier han.

Bra for rekrutteringa

Bjelland er sjølv svært interessert i tema som berekraft og forbruk, og engasjerer seg lett. Han er likevel klar på at Eramet Norway som selskap også er interessert i engasjement, bevisstheit og kunnskap rundt berekraft, ikkje minst med tanke på framtidig rekruttering lokalt.

– Vi som selskap treng flinke og motiverte folk som skal jobbe hos oss også i framtida. Kanskje kan tiltak som dette bidra til at unge saudabuar velger utdanningar som er relevante for oss, når dei ser at dei her kan vere med å gjere ein skilnad og jobbe med nyttige og interessante oppgåver, seier han.

Ryfylke møtte også Bjelland i samband med det uformelle møtet om det grøne skiftet , berekraft og forbruk som blei arrangert av Eigil Arnfred i januar. Då fortalte Eramets mann at han ser på seg sjølv som ein klima-optimist.

– Det var flott å sjå at så mange møtte opp, men vi må sjå vidare på korleis vi kan engasjere dei unge menneska i Sauda endå meir framover, sa han.

21. februar møtast elevane og Eramet igjen på fabrikken. Då skal prosjektet avsluttast, og spesielt gode elevbidrag blir premiert.

Powered by Labrador CMS