Fotograf og butikkeigar Janne Kvanåli er glad for endeleg å kunne opne butikken Eufori i nye lokale i Skulegata.
Fotograf og butikkeigar Janne Kvanåli er glad for endeleg å kunne opne butikken Eufori i nye lokale i Skulegata.

Eufori på plass i Skulegata

– Det har vore litt av eit arbeid, men no er det herleg å endeleg ha opna i nye lokale, seier innehavar Janne Kvanåli.

Publisert Sist oppdatert

– Eg har fått veldig god hjelp frå familien i denne flyttinga. Det har vore mykje arbeid, og eg må innrømme at eg er skikkeleg sliten i dag. Men det er veldig kjekt å vere på plass. Lokala her i Skulegata er ei oppgradering, ikkje minst i forhold til tilgjengelegheit for alle, også dei som ikkje kunne ta seg opp trappene i den gamle butikken. Det synest eg er viktig, seier innehavar av butikken Eufori, Janne Kvanåli.

Ho overtok Helsekosten» i Rådhusgata for to år sidan, og i samband med flyttinga til Skulegata har ho tatt bort namnet Helsekosten» i butikknamnet. No heiter butikken kun Eufori. Det gjenspeglar også vareutvalet, som strekk seg frå nettopp helsekost til superfood, interiør, klede, te og krydder, konfekt og gåveartiklar. Det er varer som skaper velvære, glede og gjerne litt luksuskjensle i kvardagen.

– Dei nye lokala gir oss også ein ny mulegheit. Eg bygger fotostudio i andre etasje, der det er god plass til det. Fram til no har det vore litt utfordrande å både drive butikk og jobbe som fotograf, men det skal vi få til no. Kanskje det til og med blir aktuelt å ha ein medarbeidar i butikken, smilar Kvanåli.

Ho fortel at vareutvalet på Eufori i stor grad blir bestemt med tanke på verdiar hos dei som produserer og leverer varer.

– Varene våre skal kome frå bêrekraftige leverandørar. Det er eg opptatt av, fortel Kvanåli.

Powered by Labrador CMS