Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på ryfylke.net • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1926
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 165 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønsker.

Kjøp her

Du må logge inn for å lese artikkelen

Hyttesalet er tilbake til normalen etter pandemien.
Hyttesalet er tilbake til normalen etter pandemien.

Færre kjøper hytte etter pandemien

Publisert Sist oppdatert

Hyttesalet var i andre kvartal tilbake på same nivå som før pandemien. Det vart omsett 3.040 hytter og fritidsbustader, noko som er 33 prosent færre enn i andre kvartal i fjor.

Hyttesalet auka kraftig under koronapandemien, og i eitt enkelt kvartal vart det omsett over 5.000 hytter og fritidsbustader, ifølgje SSB.

No er altså salet tilbake til normalen. Det vart omsett færre hytter i fritt sal i alle fylke i andre kvartal 2022 enn i same kvartal i fjor. Størst var nedgangen i Agder og Rogaland, med ein nedgang på 40 prosent i kvart av fylka. Flest hytter skifta eigar i Viken og Oslo og Innlandet, høvesvis 704 og 584. Den høgaste gjennomsnittsprisen per omsetning var i Vestfold og Telemark, med 3,8 millionar kroner.

Det var også færre bustadsal i andre kvartal enn i same periode i fjor. I alt vart det selt 31.603 sjølveigarbustader og burettslagsbustader i fritt sal, som er 9 prosent færre enn i same kvartal 2021. Det vart selt flest bustader i Viken, i alt 6.060 sjølveigarbustader og 1.456 burettslagsleilegheiter. Oslo hadde dei høgaste prisane, og kjøparane måtte i gjennomsnitt ut med 7,6 millionar kroner for ein sjølveigarbustad og 4,4 millionar kroner for ein burettslagsbustad.

(NPK)

Powered by Labrador CMS