Festkveld med Bjørn og Bjarte
– Me elskar Folkets Hus! Den varmen me blir mottatt med er enorm, og folk vil oss vel, seier Bjørn Eidsvåg etter laurdagens konsert i Sauda.
Den nye trenden har nådd Sauda med full tyngde. Folk møtest på Folkets Hus i god tid for førestilling for å klargjera humorsenteret i hjernen og smørja lattermusklane. Det nærast kokte i kafeen på førehand, og stemningen berre steig utover kvelden.
Bjørn den sterke og Bjarte den sarte
Dei to folkekjære rogalendingane inntok scenen i Kulturhuset med ein spesiell kombinasjon av varme, humor og musikk. Bjørn Eidsvåg og Bjarte Tjøstheim har slått seg saman og reiser på turnè med 40 førestillingar, vel å merka berre til store byar utanom vesle Sauda!
Det nye radarparet
Presten frå Sauda og prestesonen frå Randaberg er på mange måtar svært ulike, men har nødvendigvis nokre fellestrekk. Begge grublar omkring tru og tvil, og dei angrar på dumme ting dei har sagt eller gjort. Bjarte sine originale tankar om at han er mest kristen om morgonen og minst om kvelden, fall tydelegvis i smak saman med historien om Kjell Brekke som dei sjukt kristne» dømte nord og ned etter at Presanghusets far tok eit glas øl til middagen på Kløver. Då passa det godt at bandet spelte Tør`kje leva.
Bjarte lurte på om ikkje han var den sterke og ymta frampå om Bjørn sin prolaps og gåstol medan han fleipa om sin eigen korte alpinkarriere, med beinbrot etter sjølv å ha grovinnstilt» bindingane.
– Mor bar meg til dåpen, og far bar meg til konfirmasjonen.
Teksten om visesongaren med kviser som blei parkert av råkule Charlie, passa glimrande.
Skyfri himmel
Det var stort spenn mellom spøk og alvor, og frå si tid som tilsett på Lier psykiatriske kjem Bjørn ofte inn på møtet med den ulykkelege jenta og den håplause oppveksten hennar. Møtet resulterte i Skyfri himmel, ein av hans finaste tekstar: Det einaste ho ønska seg det var ein solskinsdag – skyfri himmel, ein problemfri time i gode venners lag….
Også Bjarte på psykiatrisk
Bjarte har lenge vore åpen om sine psykiske vanskar, og frå scenen fekk me høyra hans eigen versjon av korleis han og kona, Kristin, opplevde sjølve innleggelsesmøtet på Ullevål. I ein kort monolog fekk han også fram alvoret som hjelpelaus, angstfylt pasient.
Sivil Beredskap
Den spente situasjonen i verda har resultert i ein seriøs debatt om korleis me best kan førebu oss på ei reell krise. I staden for eit lager av vatn og hermetikk lurte Bjørn på om det ville hjelpa med ein kasse god rødvin medan Bjarte satsa på store mengder sobril, marinert i kvitvin. Kanskje måtte dei også innom lageret av og til og testa, for eit glas vin passar vel til alt?
Eg er berre ein mann
Denne kjente teksten tar opp likestilling og arbeidsfordeling i heimen.
– Eg hatar å suga støv, konkluderte Bjarte. Det er jo misbruk av sånne kreative, late menn som oss?
Bøn
Både Bjarte og Bjørn kom her med seriøse eksempel på ei kveldsbøn, noko det nok var ulike meiningar om i salen. Bjørn sine rause tankar og haldningar omkring fellesskap og omsorg for dei sårbare som ikkje blir sett, var det neppe nokon som tok skade av.
Nok ein gong gjekk folk lykkelege og fornøgde ut av Folkets Hus etter to timar med latter og moro, men også med åpning for undring og refleksjon.
Hyllest frå ordføraren
Håvard var raskt oppe på scenen etter førestilling, og han rosa Bjørn for innsatsen gjennom 50 år som nettopp resulterte i at han blei utnemnd til kommandør av Den Kongelege Norske St. Olavs Orden. Salen reiste seg i respekt og takksemd med trampeklapp.
Informasjon frå Bjørn i etterkant
I ein mail over Røldalsfjellet søndag fortel Bjørn at dei har jobba med prosjektet i nærare eit år, men med intensiv manusjobbing sidan august og framleis med daglege justeringar.
På spørsmål om ein kan tulla med alt, svarar Bjørn:
– Mobbing er ikkje tillatt, heller ikkje lytehumor mot forsvarslause, men erting av meg som gammal krøpling» er lov, for eg kan ta igjen. Det er sjølvsagt ein føresetnad at ein tullar med varme og sjarm. Me kallar dette ein konsertførestilling, så ambisjonen er at tale og musikk skal vera likestilt som bodskapsberarar.»
På eit siste spørsmål om korleis det er å opptre i Sauda, er svaret kort og konsist:
– Me elskar Folkets Hus! Den varmen me blir mottatt med, er enorm, og folk vil oss vel, avsluttar Bjørn.
Det er berre å ønska God betring og velkommen tilbake i mai.