For å lesa saka må du vera abonnent

5 kr for 5 veker

  • Tilgang til alt innhald på ryfylke.net
  • Papiravisa digitalt/eAvis kvar torsdag
  • Søk i digitalt arkiv tilbake til 1926

Fornyast automatisk til 165,- per månad. Inga binding. Gjeld berre nye abonnentar.

Kjøp her

Enkel betaling med

Sjå alle våre abonnement

Medlemstala i norske idrettslag er på veg opp. Her er handballgruppa representert under årets feiring av nasjonaldagen.
Medlemstala i norske idrettslag er på veg opp. Her er handballgruppa representert under årets feiring av nasjonaldagen.

Fleire medlemmer i norske idrettslag – auka med 36.000 i 2022

Publisert Sist oppdatert

– Endeleg har pilene snudd. Tala viser at vi har lykkast med å rekruttere både nye og tidlegare medlemmer som valde å slutte då idretten vart stengt ned under pandemien. Det er svært gledeleg, seier idrettspresident Berit Kjøll i ei fråsegn.

Førebelse tal frå 2022 viser at det er 1,82 millionar medlemskapar i ordinære idrettslag i Noreg. Det er ein auke på 36.000 (to prosent) frå året før. Aktivitetstala har auka med 1,6 prosent.

– Det er svært oppmuntrande at vi no ser ein reell auke i både talet på medlemskap og aktive i 2022 … Vi har samtidig alle smerteleg fått erfare korleis nye utfordringar med pris- og kostnadsauke for norske hushald har sett idretten på nye alvorlege prøver, seier Kjøll.

28 særforbund opplevde ein vekst i aktivitetstalet siste år, medan fem særforbund har hatt ein stabil medlemsmasse. Dei resterande 21 særforbunda har hatt ein nedgang i medlemsmassen siste år.

17 særforbund har eit høgare aktivitetstal no enn før pandemien. Den største prosentvise auken har Brettforbundet, Basketballforbundet og Functional Fitnessforbundet, medan den absolutte veksten har vore størst i Golfforbundet og Tennisforbundet.

Powered by Labrador CMS