Flytta frå Sauda – fekk landslagsjobb
Cheerleaderane Wapz var ein entusiastisk ungdomsgjeng i Sauda som med stor suksess trente seg sjølve, og som endte opp i norgestoppen innan cheerleading.
Cheerleaderane Wapz var ein entusiastisk ungdomsgjeng i Sauda som med stor suksess trente seg sjølve. Blant anna blei det NM-gull og fleire NM-medaljar, i tillegg til at dei representeret Norge i EM i cheerleading eit år. Ein av dei svært aktive trenarane var Ellen Øygard, som i mellomtida har gifta seg og også tatt namnet Brenne.
Kva gjer du nå?
Nå bur eg i Trondheim og jobbar som fysioterapeut. Eg har gifta meg og fått to barn. Da eg flytta frå Sauda i 2009, gjekk eg først eitt år danselinje på bibelskule i Kristiansand. Deretter drog eg til Trondheim og studerte fysioterapi. Etter tre nye år i Trondheim flytta eg til Kirkenes og budde der i fem år. Nå har eg flytta med familien tilbake til Trondheim.
Da eg flytta frå Sauda fekk eg tilbod om å vere assistenttrenar for landslaget i cheerleading. Det var eg i to år. Deretter var eg trenar ein periode i ein cheerleaderklubb i Trondheim.
Kva hugsar du frå Sauda?
Det var ei veldig fin tid da me heldt på med cheerleading i Sauda. Eg lærte mykje av det å vere trenar og det å halde på med leiing og organisering av laget. Det er noko eg har tatt med meg vidare i livet. Eg synest at me fekk det til og eg trur at det betydde noko for mange og utgjorde ein forskjell i livet for mange.
Nå har eg ikkje lenger nær familie i Sauda og det er derfor ein del år sidan eg har vore i Sauda. Sist gong var i 2014. Men eg har god kontakt med Iselin Johnsen, som eg var i trenarteam med i Wapz i Sauda. Me bur begge i Trondheim nå.