Folk vel billigare matvarer i år enn i fjor, meiner Nortura.
Terje Pedersen / NTB / NPK
Folk droppar biffen og vel kvitt kjøtt
Nortura ser ei stor endring i forbruksmønsteret til folk. Dei fire første månadene i år konstaterte selskapet eit fall på heile fem prosent for raudt kjøtt samanlikna med same tid i fjor. Kvit kjøtt, aukar derimot,
skriv Nationen.
Konsernsjef Anne Marit Panengstuen, peikar særleg på éin ting.
– Folk vel billigare matvarer i år enn i fjor, det er ei generell utvikling i marknaden, seier ho til Nationen.
Det kan føre til at raudt kjøtt oftare taper kampen om å ta opp plass i handlekorga til kunden, trur ho.
– Kanskje er det fleire som vel raudt kjøtt sjeldnare enn dei gjorde før, som følgje av at kostnader på andre område har gått i vêret. Maten er noko mange sparer på, seier Panengstuen.
Nortura auka omsetninga med ein milliard i første tertial, og tredobla resultatet samanlikna med kriseåret 2022. Resultatet enda på 144 millionar.