Forbruken og COOP i sogelaget

Tysdag kjem stavangermannen Gunnar Roalkvam til sogelaget. Temaet denne kvelden i Storesalen på Folkets Hus er forbrukarsamvirke i Rogaland. Naturleg nok spissar han foredraget inn mot både Ryfylke og Sauda. Då hamnar vi fort på Forbruken.

Publisert Sist oppdatert

For mange vil Gunnar Roalkvam vere kjend frå før som mannen bak dei mange varme og underfundige dikta som er tonesett av andre. Det er han som har skrive Det er ikkje greitt å vere foggel i dag» for Stavangerensemblet. Men Roalkvam er ikkje berre lyrikar, han er også historikar. Han har skrive fleire bøker om forbrukarsamvirke, både i Afrika og i Rogaland. Han fortel at Rogaland, saman med Trøndelag har vore ein av bastionane innanfor kooperasjonen i Norge, og at den her i fylket har stått sterkast på Jæren. Ein gong var medlemsengasjementet i samvirkelaga stort. Han meiner at medlemsdemokratiet er kraftig svekka i det som vi no kjenner som COOP Norge.

Ryfylkemuseet har sitt eige årsskrift, Folk i Ryfylke». I 1992 var temaet kort og godt Samvirke». Her har kveldens gjest ein artikkel om forbrukarsamvirke i Rogaland, og her har også Tone Årtun skrive om kooperasjonen i Sauda. Difor er også ho invitert til å rette søkjeljoset mot det nære, Sauda si eiga kooperasjonshistorie. I artikkelen hennar frå den gong reiser ho problemstillinga Kooperasjon og klassekamp – to sider av same sak?» Det var nemleg dei fagorganiserte som stod bak skipinga av den første Forbruken» i Sauda i 1917.

Sogelagmøta er som vanleg opne for alle interesserte. Ver velkomne til eit sosialt lokalhistoriemøte med enkel servering og tid for ein triveleg pausedrøs.

Powered by Labrador CMS