Fryktar ammoniakkfabrikken kjem for nære
Dersom det blir bygd ammoniakkfabrikk på Birkeland er dei næraste naboane redde for at sikkerhetsavstanden blir for liten.
Iverson eFuels vurderer å bygge ein ammoniakkfabrikk på industriområdet på Birkeland. Planarbeidet er i gang og dei første høyringsuttalelsane er nå henta inn. Der kjem det klart fram at innbyggarane som bur nærast industriområdet, rett over Storelva på Austarheim-sida, fryktar at sikkerhetsavstanden til ein ammoniakkfabrikk blir for liten.
Tolv personar har signert høyringsuttalen. Der skriv dei at husa deira ser ut til å hamne innanfor den ytre sikringssonen. Bebuarane gir klart uttrykk for at dei føler dette er risikofylt. Dei synest med andre ord at det er svært betenkeleg at ein ammoniakkfabrikk skal plasserast inne på næringsområdet på Birkeland.
Huseigarane fryktar også at verdien på eigedomane deira vil bli betrakteleg redusert dersom ammoniakkfabrikken blir bygd. Dei fryktar også at ledig areal i dette området vil få verdien sterkt redusert.
Fryktar støy
Bebuarane viser til at det har vore mykje anleggsverksemd og støy i dette området over fleire år. Statnett har hatt ei omfattande utviding av transformatoranlegget sitt. Før det blei eit anlegg for kommunal drikkevasskjelde etablert i området. Dette anleggsarbeidet over fleire år opplyser bebuarane har vore ein stor belastning. Dei er derfor bekymra for belastninga dersom ein ammoniakkfabrikk skal etablerast med ein anleggsperiode på tre til fire år.
Når drifta er i gang fryktar naboane for eit trusselbilde med risikoen for gassutslepp, eksplosjonsfare, lukt og støy frå vifteanlegg. Dei meiner også at dagens trusselbilde aukar mulegheita for sabotasjehandlingar.
Dei er også skeptiske til at ein ammoniakkfabrikk hamnar nær den kommunale drikkevasskjelda.
– Kva med eksplosjonsfare?
Innbyggarar på Søndenåhaugen stiller spørsmålsteikn ved eksplosjonsfare ved det planlagde utskipingsanlegget til ein eventuell ammoniakkfabrikk.
I tillegg til planane om ein ammoniakkfabrikk på industriområdet på Birkeland, er det planlagd eige utskipingsanlegg for ammoniakken i Sønnåhamn. Naboane til Sønnåhamn opplyser i sin høyringsuttale at dei sit med mange spørsmål og bekymringar om desse planane.
Blant anna ønsker dei å vite om det er eksplosjonsfare, om det er fare for luktutslepp og kor helsefarleg det er for naboar dersom det blir ammoniakkutslepp. Dei opplyser også at dei ønsker røyrlednings-traseen som er lengst vekke frå bebyggelsen, og at ammoniakktankar ved Sønnåhamn blir lågast muleg og måla i fargar som går i ett med terrenget. Dei ønsker også å vite kor mykje støy utskipingsanlegget vil medføre. 21 personar står bak denne høyringsuttalen.
Fryktar konkurransesituasjonen
Sauda Bilverkstad fryktar for konkurransesituasjonen dersom dei blir igjen og andre bedrifter blir flytta.
Styreleiar Kjell-Marwin Lavik i Sauda Bilverkstad meiner at heile industriområde bør bli flytta, dersom det blir etablert ammoniakkfabrikk på Birkeland industriområde. I utgangspunktet er det tenkt at Sauda Bilverkstad er ein av ytterst få verksemder som blir igjen. Dei fleste må truleg flytte for å gjere plass til ammoniakkfabrikken.
Lavik trur konkurransekrafta blir negativ for dei gjenverande bedriftene.
Etterlyser meir informasjon
Ivar Tangeraas er ein av gardbrukarane på Birkeland, der også ammoniakkfabrikken er planlagd bygd. Han meiner det er vanskeleg å uttale seg om ammoniakkfabrikk-planane når det er lite informasjon om kva konsekvensar fabrikken får for det som ligg rundt. Blant anna ønsker han å vite:
– Kva blir konsekvensane for landbruket?
– Kva blir restriksjonar rundt ventilene på røyrgatene?
– Kva blir restriksjonane på jorda oppå og ved sida av røyrgatene i bakken?
– Kva blir konsekvensane for den vidaregåande skulen rett ved?
– Kva verknader vil det enorme strumforbruket få for straumprisen i dette området?
– Korleis vil kjølevassuttaket verke inn på kommunens drikkevasskjelde, og kva verknader vil utslepp av kjølevatn ha på flora og fauna?
– Kor mykje støy blir det viss det blir luftkjøleanlegg?
– Det må greiast ut kor eksisterande og framtidige næringsbygg skal plasserast. Kva miljømessige verknader får flytting og etablering av industriområdet, og kven skal betale for dette?
– Korleis ivareta mjuke trafikkantar på Birkeland?
– Korleis gjennomføre grunnerverv?
– Kva område blir berørt og må evakuerast ved lekkasje eller alarm?
– Må sikre tilgangen til Sauda III
Rogaland fylkeskommune minner om at den freda kraftstasjonen Sauda III må bli tatt omsyn til.
Ei rekke offentlege instansar har levert høyringsinnspel til planane om å bygge ammoniakkfabrikk i Sauda. Svært mykje av innspela handlar om at tilstrekkelege risiko- og sårbarheitsanalysar må utarbeidast. Rogaland fylkeskommune minner også om at den nedlagde kraftstasjonen i Sønnåhamn er freda og at utskipingsanlegget til amoniakkfabrikken, som hamnar i dette området, ikkje må hindre tilgangen til kraftstasjonen for publikum. Framleis er det ikkje bestemt korleis Sauda III skal brukast, men eit utgangspunkt er at Sauda III skal bli tilgjengeleg for publikum. I dag er stasjonen bak stengte portar til Eramet sitt fabrikkanlegg. I framtida er planen at kraftstasjonen skal bli tilgjengeleg for publikum.
Ber om gang- og sykkelveg
Sauda kommune har eit sterkt ønske om at det blir etablert gang- og sykkelveg over Birkeland. Kommunen meiner ei etablering av ammoniakkfabrikk auker behovet for at mjuke trafikkantar blir ivaretatt på ein betre måte i dette området.
Det er Rogaland fylkeskommune som eig hovudvegen over Birkeland. Kommunen ber Iverson eFuels inngå dialog med Rogaland fylkeskommune om å etablere gang- og sykkelveg.
Iverson eFuels:
– Restriksjonssonene ikkje klare ennå
Iverson eFuels opplyser at det ennå ikkje er klart kor stor restriksjonssona blir dersom ammoniakkfabrikken blir bygd på Birkeland.
Iverson eFuels har mottatt mange høyringsuttalar i planarbeidet til ein ammoniakkfabrikk i Sauda. Desse innspela og spørsmåla er foreløpig ikkje besvart, men Iverson eFuels opplyser at kor store restriksjonssonene blir rundt fabrikken ikkje vil vere klart før ein reguleringsplan er ferdig utarbeidd og blir sendt inn til Sauda kommune, for vidare behandling. Da vil den også bli sendt ut på høyring.
Ifølge Iverson eFuels vil den vere tre restriksjonssoner rundt fabikken: indre, midtre og ytre. Iverson eFuels opplyser at den indre og midtre sona vil i stor grad ligge innanfor industriområde på Birkeland. Kor stor den ytre sona blir er ikkje uklart, men ifølge Iverson eFuels vil bustader, gardsbruk, fritidsbsutader og eventuelle næringsbygg bestå dersom dei ligg innanfor den ytre sona. Det vil også kunne bli bygd nye bustader i den ytre sona, dersom kommuneplanen gir rom for det.
Iverson eFuels opplyser at hensikten med restriksjonssoner er at det ikkje kan etablerast nye verksemder eller bygg innanfor sona som ikkje tåler risikoen som ein ammoniakkfabrikk utgjer. Omvendt er det heller ikkje tillatt å etablere bygg eller verksemder som kan medføre ein auka risiko for ammoniakkfabrikken som følge av spredningsfare ved brann eller verknader av eksplosjon og liknande.